Restaurering av eldre hus går ljosare tider i møte etter at Handverksskolen på Dovre har fått godkjend Vg2 Overflateteknikk og Vg2 Byggteknikk. Eit landsdekkjande tilbod for ungdom og vaksne med vekt på tradisjonshandverk. Foto: Ove Kirkestuen

På Dovre fortset dei å utdanne elevar i tradisjonshandverk

Handverksskolen på Dovre har fått godkjend 30 nye elevplassar for ungdom og vaksne. Dei landsdekkjande tilboda er Vg2 Overflateteknikk og Vg2 Byggteknikk med vekt på tradisjonshandverk.

Skulen, som er ein del av Hjerleid skole- og håndverkssenter, har fått mange gratulasjonar i det siste. Sjølve høvdingen innan tradisjonshandverk, i alle fall når det gjeld hus og båt, Jon Bojer Godal, er mildt sagt godt nøgd.

Denne artikkelen er også publisert i Yrke nr. 2/2017

Mannen som er Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden takka vere innsatsen for tradisjonsfaga, meiner at tradisjonsboren kunnskap i vidaregåande skule er eit kvantesprang for ei opplæring ein lyt sjå i samband med studiet i utøvande bygningshandverk ved NTNU.

– Først vidaregåande, deretter praksis i verksemd og til slutt tre år ved NTNU er ei utdanning det luktar fugl av. Gratulerer til alle som er knytt til Hjerleid. Gratulerer Noreg. Dette er noko av det beste som har hendt oss på lenge. Dei som får denne opplæringa, er svært heldige. Dei blir i alle fall ikkje arbeidslause, seier Jon Bojer Godal som meiner det var på høg tid med ei formell opplæring innan dette feltet. Vi er nemleg i ei kritisk fase når det gjeld slik kunnskap.

 

Truga ressurs

Til dømes er det truleg éin million lafta hus her i landet som treng vøling.

– Tidsspennet for desse husa er over 1100 år, det eldste byggverket av lafta tømmer er gravkammeret i Gokstadskipet. Dessutan finst det tallaust mange variantar, seier Godal, som også har sine tankar om lafting av nye hus. Ein bransje der industrialisert og standardisert laft er det mest vanlege og der nyansane dermed får dårlege kår.

– Kunnskapen som trengst for å kunne analysere dei eldre bygga, blir difor borte. Kulturarven med lafta byggverk blir såleis ein viktig dimensjon fattigare, meiner Godal, som også nemner treet si evne til å lagre karbondioksid. Noko som er viktig i høve til klima. Han hevdar også at lafta hus er gode å bu i fordi dei syter for vermde og fukt.

 

Midt i blinken

Tradisjonsfag på vidaregåande haustar også applaus hjå den yngre garde. Éin av dei er Håkon Telnes Fjågesund (26) frå Seljord, som tek det nemnde bachelorstudiet ved NTNU i Trondheim. Han meiner at tradisjonstømring og tradisjonsmåling på vidaregåande er både verdifullt og naudsynt for den tradisjonelle bygningskulturen. Ikkje minst er det ei viktig motvekt til forbrukarsamfunnet.

– Det finst relativt enkle vegar til god og varig kvalitet, men det krev den rette kunnskapen. Då kan eit hus stå i hundrevis av år. Sett med samfunnsøkonomiske briller bør ein difor satse på denne utdanninga. Dei som studerer tradisjonsfag, vil også oppdage at mykje av kunnskapen kan nyttast i moderne samanhengar. Hus som står seg over tid, er like viktige i dag som dei alltid har vore. Skuletilbodet på Hjerleid er difor eit steg i riktig retning, seier Håkon Telnes Fjågesund.

Ein annan ung handverkar er Anton Rudi (20) frå Ringebu, som snart er ferdig med tida som lærling.

– Skulle eg ha starta utdanninga på nytt, hadde Vg2 tradisjonstømring vore midt i blinken. At ein til dømes kan gå vidare på NTNU, er heilt supert, seier Anton.

 

Tradisjonsmåling

Erlend Mæhlum, som har halde fleire kurs i tradisjonsmåling ved nettopp Hjerleid, er også særs nøgd med Utdanningsdirektoratet sitt vedtak. Mæhlum, som kjem frå ein familie med rike handverkstradisjonar, dreiv i mange år målarfirma på Lillehammer før han vart lærar i vidaregåande skule.

Han har også vore stipendiat ved Norsk Handverksutvikling på Maihaugen, der han arbeidde med gamle oppskrifter og teknikkar innan tradisjonsmåling.

– Veldig bra at Hjerleid også har fått Vg2 Overflateteknikk. Det hjelper lite å restaurere gamle hus dersom ein ikkje smør dei inn med dei riktige produkta. Eg håper difor at bransjen tek dette på alvor og dreg nytte av tilbodet. Dette er kunnskap vi må ta vare på før det er for seint, seier Mæhlum.

 

Stort behov

Ein annan som også gler seg, er riksantikvar Jørn Holme.

– Ei særs god nyheit for bygningsvernet. Hjerleid, som også fekk riksantikvaren sin kulturminnepris i 2014, er ein flott institusjon innan antikvariske bygningsfag, seier Holme.

– Skal ein nå Stortinget sitt mål om å setje alle freda bygningar i god stand innan 2020, treng vi kompetente handverkarar. Difor er tilbodet på Dovre viktig, skreiv Eivind Falk ved Norsk Håndverksinstitutt i si tilråding då skulen søkte om å få dei nye tilboda. Andre som stilte seg bak søknaden var Norsk institutt for kulturminneforsking og Opplæringskontoret for byggfagene i Gudbrandsdalen.

 

Gull verdt

Rektor Helle Hundevadt ved Handverksskolen vedgår at ho vart gledeleg overraska då ho fekk nyheita.

– Dette er gull verdt og ein utruleg stimulans. Eit prov på at Hjerleid er ein stad i utvikling, seier Hundevadt, som meiner at tilboda vil kome kulturminnevernet til gode. Dessutan eit viktig supplement til den eksisterande utdanninga. Ikkje minst ein god grunnmur for dei som tek bachelorstudiet «Utøvande, tradisjonelt bygghandverk» ved NTNU i Trondheim.

Mange vil kanskje også hevde at tradisjonsfag høyrer heime i bygda nord i Gudbrandsdalen. Hjerleid Husflidsskole som vart grunnlagt i 1896, var nemleg den fyrste handverksskulen her til lands. I dag tilbyr dei også opplæring i treskjering, møbelsnikring og smiing.

 

Powered by Labrador CMS