Nytt sentralstyre i Utdanningsforbundet kan få få nye fjes

Etter ti år i same styreverv er sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet framleis valbare for ein ny periode.

Publisert

Det kan bli få nye fjes i det sentralstyret som landsmøtet i Utdanningsforbundet vel i starten på november 2019.

Siste landsmøte vedtok at Utdanningsforbundet skulle ha landsmøte og velje sentralstyre kvart fjerde år. Landsmøtet bestemte òg at kvart medlem i sentralstyret kan sitje i 12 år i det same vervet.

Fram til da hadde Utdanningsforbundet landsmøte kvart tredje år, og i reglane sto det at eit sentralstyremedlem kunne sitje tre periodar i same vervet.

På grunn av denne endringa kan landsmøtet neste år velje på nytt ein som har hatt same vervet i sentralstyret i 10 år. Vedkomande har da først hatt to periodar under den gamle treårsregelen, og så ein under den nye fireårsregelen. Det blir ti år. Og dei nye reglane seier at det først er etter 12 år i same vervet at ein ikkje kan veljast på nytt.

Valkomiteen i Utdanningsforbundet hadde sitt første møte 22. november. Komiteen har ennå ikkje talt opp kor mange som potensielt kan veljast etter å ha hatt vervet i ti år.

Komiteen skal ha møte igjen i februar. Frå februar blir dessutan medlemmane oppfordra til å sende inn framlegg på nye sentralstyremedlem via nettsida til Utdanningsforbundet.

I mars skal lokallaga nominere kandidatar. Dette går vidare til fylkesstyremøta i mai.

Dei som sit i sentralstyret, må seie frå om dei er villige til å ta ein ny periode innan 1. juli.

Valkomiteen skal leggje fram si innstilling til nytt sentralstyre 7. oktober. Landsmøtet er 4. til 7. november 2019.

Sentralstyret har 13 faste medlem og 6 varamedlem. 

 

 

Powered by Labrador CMS