Annonse
Debatt

Det sensitive barnet har eit meir påtrengande behov for tryggleik, og vil verte meir påverka og avhengige av trygg kontakt til dei vaksne. Ill.: Tone Lileng | post@tonelileng.no

Korleis leggje til rette for særleg sensitive barn

Å førebu slik at særleg sensitive barn i barnehagen kan vite kva som skal skje, gjer overgangssituasjonar mykje enklare.

Del side


Annonse

Rebecca Vihovde er 3. årsstudent ved barnehagelærarutdanninga, Campus Sogndal, Høgskulen på Vestlandet. 

 

I rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver står det at barna skal oppleve å bli forstått, respektert, bli sett og få den hjelp og støtte dei har behov for ut ifrå eigne føresetnadar (Utdanningsdirektoratet, 2017).

«Barnehagen skal gi rom for barnas ulike føresetnader, perspektiv og erfaringar og bidra til at barna, i fellesskap med andre, utviklar eit positivt forhold til seg sjølve og tru på eigne evner»  (Utdanningsdirektoratet, 2017).

 

"Personalet kan ha vanskar med å leggje merke til og følgje opp dei behova som er i denne barnegruppa."

 

Særleg sensitive barn er eit lite kjent omgrep, og personalet kan ha vanskar med å leggje merke til og følgje opp dei behova som er i denne barnegruppa.

Høgsensitivitet vert regna som eit personlegdomstrekk og gjeld om lag kvart femte barn. Mange blir oppfatta som forsiktige og tilbaketrekte, mens ei lita gruppe blir oppfatta som utåtvende og spenningssøkande. Like mange gutar som jenter er høgsensitive.

 

Kva er høgsensitivitet?
Aron (2017) beskriv høgsensitivitet som medfødde tendensar til å tenke mykje før ein handlar og å registrere meir av omgjevnadane, samanlikna med individ som handlar impulsivt og tenkjer mindre over det som skjer.

Sensitive individ, dette gjeld både barn og vaksne, er som regel oppvakte, intuitive, empatiske, samvitsfulle og forsiktige.

Aron (2017) viser til fire personlegdomstrekk for høgsensitivitet: 1) Djuptgåande omarbeiding av sanseinntrykk 2) Å ha lett for å bli overstimulert 3) Å ha sterke emosjonelle reaksjonar samtidig som ein er spesielt empatisk 4) Å vere sensitiv for subtile stimuli.

 

"Blir det for mange sanseinntrykk, klarar kanskje ikkje barnet å omarbeida alt og vert overstimulert, noko som kan føre til apati, tilbaketrekking eller raserianfall."

 

Overstimulering
Djuptgåande omarbeiding av sanseinntrykk går ut på at ein som er høgsensitiv, fangar opp små detaljar og brukar lang tid på å reflektere og omarbeida inntrykk.

Refleksjon skjer som regel umedvite, men ein kan sjå det igjen i dei djupe spørsmåla barnet stiller, om barnet brukar vanskelege ord for alderen, den humoristiske sansen, problem med å ta avgjerd eller å bruke lang tid på nye situasjonar, då barnet har behov for å tenke igjennom situasjonen før det eventuelt vel å gå inn i den.

Alle særprega treng ikkje vere til stades, men ein stor del av dei vil vise teikn på at dei tenker grundig over det som skjer.

Blir det for mange sanseinntrykk, klarar kanskje ikkje barnet å omarbeida alt og vert overstimulert, noko som kan føre til apati, tilbaketrekking eller raserianfall (Svatun, 2017).  

Barn som er høgsensitive, er mykje meir merksame på kva som skjer, både innvendig og utvendig. Dette gjer at dei vert mentalt slitne, og dette kan igjen føre til at barnet vert fysisk sliten.

Å bli sliten, overstimulert og trøytt av inntrykk er det normale, men det skjer i større grad for høgsensitive barn. Overstimulering kan komme til uttrykk på ulike område.

Barnet kan ha store reaksjonar på smerte eller forandring, høge lydar kan opplevast som fysisk smerte, dei klagar over kulde, varme, våte klede, klede som klør og småstein i skoen. Ein kan oppleve at dei har behov for å leike stille eller å trekke seg tilbake (Aron, 2017).

 

"Eit høgsensitivt individ har gjerne sterke emosjonelle reaksjonar, og dei er oftast svært empatiske."

 

Emosjonelle reaksjonar
Eit høgsensitivt individ har gjerne sterke emosjonelle reaksjonar, og dei er oftast svært empatiske. Særleg sensitive barn er meir engasjert i det som skjer, og dette gjer at dei har lettare for å hugse og observere viktige lærdommar.

Empati har ei stor rolle, og dette i kombinasjon med sterke kjensler gir medkjensle og forståing (Aron, 2017). Empati er ifølgje Malt (2015) evna til å setje seg inn i andre sine kjenslemessige reaksjonar og tilstandar. Dei kan peike ut hårfine nyansar i sosiale situasjonar.

Dei høgsensitive barna er merksame på subtile stimuli, som lukter, lydar og detaljar. Dei registrerer meir, men dette tyder ikkje nødvendigvis at dei har betre syn, hørsel, smaks- eller luktesans. Informasjonen blir stort sett grundig omarbeida av hjernen. Samtidig har høgsensitive personar raskare refleksar, som gjer at smerte og stimuli påverkar dei meir.

 

"Fleirtalet treng ro og stille for å sortere alle stimuli som kjem i ein vanleg kvardag."

 

Ulike behov
Dei treng tid for å vurdera ein situasjon før dei tar sjansen eller kastar seg ut i noko. Her er eit klart behov for å trekkje seg tilbake om det skjer for mykje på ein gong, og tid til omarbeiding av alt som har skjedd. Fleirtalet treng ro og stille for å sortere alle stimuli som kjem i ein vanleg kvardag.

Det er også ei mindre gruppe høgsensitive barn som har trong til å delta i aktivitetar med fart og spenning. Dei opnar alle sansane sine og søkjer gjerne mot det ukjente. Døme på dette er at dei likar å møte nye menneske og å prøve ut nye ting.

Sjølv om dei kan verke svært utåtvende, har dei på same måte som fleirtalet behov for å trekkje seg tilbake og vere åleine. Ei utfordring her er korleis dei kan finne balansen mellom trong til aktivitet og trong for ro.

 

"Dei ser an situasjonen og førebur seg."

 

Barnehagekvardagen 
Alle barn har behov for tryggleik og omsorg, men om sensitive barn ikkje får tilfredsstilt behova sine, kan dei vere sårbare og utsette barn.

Barnet kan bli stempla som vanskeleg eller nærtakande av vaksne i barnehagen eller av andre barn. Vaksne vil kanskje ikkje klare å sjå potensialet eller barnets positive sider, noko som igjen vil påverke barnet sitt sjølvbilde (August, m.fl., 2016).

Dersom ein klarer å ta omsyn til barnets personlegdomstrekk framfor å fokusere på diagnosar, vil dei sensitive trekka vere lite merkbare i kvardagen. Då vil det særleg sensitive barnet tilpasse seg positivt og trivast (August, m. fl., 2016).

I barnehagen har dei særleg sensitive barna behov for å observere før dei avgjer om dei vil delta eller ikkje. Dei ser an situasjonen og førebur seg grundig på deltaking i ein situasjon.

Etterpå blir det brukt mykje tid på å tenke igjennom og vurdere det som har skjedd. Denne prosesseringa er rotfesta i barnas nervesystem (August, m.fl., 2016).

Knytt til leike­situasjonar står dette svært sentralt, og på denne måten kan dei oppdage om det er leikekameratar som er dominerande eller om det er barn som har det vanskeleg (August, m.fl., 2016).

 

"Å lage små grupper kan vere lurt."

 

Kvardagsaktivitetar
Dei bør delta på lik linje med andre barn i kvardagsaktivitetar, og dei har føresetnad for å klare seg godt. Lærar ein seg å forstå dei kjenslevare reaksjonane, kan både barnet sjølv og andre vise omsyn slik at barnet kan ha ei positiv tilpassing (August, m.fl., 2016).

Særleg sensitive barn er ofte dei som først reagerar på støy. Kva påverknad støy, heng saman med om barnet opplever situasjonen som meiningsfull, trygg og handterleg.

Er personane rundt merksame på at dei særleg sensitive barna har større behov for psykologisk støtte enn andre, samt støtte i å regulere kjenslene, kan dei særleg sensitive barna takle utfordringane godt (August, m.fl., 2016).

Strand (2015) skriv at alle ikkje treng å vere med på alt, og stiller spørsmål ved om ein kan gje dei særleg sensitive barna eit anna tilbod når det er store tilstellingar. Å lage små grupper kan vere lurt. Samtaler med foreldre og barnet, gjere avtaler på førehand kan vere lurt. Dette kan vere med på å gje barnet tryggleik, og barnet kjenner seg forstått.

Eit særleg sensitivt barn vel gjerne bort aktivitetar. Då er det viktig at ein finn ein balanse mellom å la barnet bli utfordra og beskytta.

Eit særleg sensitivt barn treng gjerne meir tid på førehand og grundig forklaring før han eller ho vil gå ut i nye situasjonar og prøve nye aktivitetar. At barnet lærer å setje ord på kjenslene sine, vil stå sentralt (Aron, 2017).

At det særleg sensitive barnet følar at det meistrar forandring, står sentralt i barnehagekvardagen. I denne samanhengen vil det for eit særleg sensitivt barn vere svært sentralt å skape smidige overgangar slik at barnet opplev dette på ein god måte, og her er oftast behov for kyndig hjelp frå vaksne i barnehagen.

Ein overgang kan føre med seg kompliserte sanseopplevingar for eit særleg sensitivt barn (Aron, 2017).

 

"Det er viktig at personalet lærar seg signal på overstimulering."

 

Handtering
Overstimulering kan skuldast ein lang og spennande dag med mange impulsar og overgangar. Det er viktig at personalet lærar seg signal på overstimulering, slik at dei kan møte barnet på best mogleg måte.

Reaksjonane er svært individuelle, men vanleg er å protestere, sutre, irritasjon, bli opphissa, gnir seg i auga eller nekte å ete, sjølv om barnet er svolten. Barnet vil ikkje alltid klare å fortsette utan pause (Aron, 2017), så det kan vere heilt naudsynt for å hjelpe barnet vidare.

Det er viktig at vaksne bevarer roa når barnet er ute av kontroll og pratar roleg og vennleg til barnet. Å setje ord på og hjelpe barnet med å forstå sine eigne kjensler, er å hjelpe barnet med å forstå og finne kjelda til reaksjonen.

Det viktigaste i ein slik situasjon vil vere at vaksne klarar å hente barnet inn igjen, og klarar å få barnet til å roe seg ned. Barnet må møtast der det er (Aron, 2017). 

 

"Det særleg sensitive barnet tar korrigeringa som eit overordna bodskap om barnets verdi som menneske."

 

Irettesetting

Innimellom vil det vere behov for å korrigere barnet. Her handlar det mykje om korleis den vaksne gjer det. Her må personale finne ein god måte, då det særleg sensitive barnet tar korrigeringa som eit overordna bodskap om barnets verdi som menneske (Aron, 2017).

 

Trygge vaksne

Det sensitive barnet har eit meir påtrengande behov for tryggleik, og vil verte meir påverka og avhengige av trygg kontakt til dei vaksne (August, m.fl., 2016). Oppleving av tryggleik vil avhenge av det personlege forholdet mellom barnet og vaksne, men òg kor rettferdig og godt barnet opplever at barnegruppa blir regulert av vaksne.

I barnehagen vil det vere viktig at barnet kan vere trygg på at vaksne regulerer samspelet sitt med barna på ein føreseieleg og rettferdig måte. Samtidig er det viktig at barnet opplever vaksne som lydhøyre i ein-til-ein-samspel (August, m.fl., 2016).

 

Intervju

For å kartleggje korleis personalet i barnehagen legg til rette for særleg sensitive barn, vart det gjennomført intervju med tre pedagogar som arbeider i barnehage.

Alle som vart intervjua, meiner at det ikkje er nok kunnskap om særleg sensitive barn, men dei hadde samstundes ei nokolunde lik oppfatning av kva åtferd som var typisk. Her vart sjenert og vare for sanseinntrykk nemnd.

Sensitive barn treng trygge vaksne, og at dei er avhengige av å ha vaksne nær. Barna brukar mykje tid på observasjon og trekk seg bort frå store folkemengder for å observere situasjonen. Dei opplever at barnet studerer vaksne og handlingane som dei utførar.

 

"Overgangssituasjonar kan vere krevjande."

 

Tiltak

Alle som vart intervjua, var samde om å starte med små grupper og heller utvide etter kvart. Førebuing var eit nøkkelord som gjekk igjen i alle intervjua.

Overgangssituasjonar kan vere krevjande for eit særleg sensitivt barn og kan opplevast som kaotisk.

Mange kvardagsepisodar kan vere vanskelege, som at personalet skal gå heim, eller å gå inn etter at ein har vore ute, eller når ein skal ha ryddetid før ein skal ete.

Alle intervjupersonane var innom foreldresamarbeid, og det viktigaste er at ein får foreldra med seg på laget. Her vart lagt vekt på at ein i samband med foreldra kan lage mål for barnet, slik at barnet på denne måten kunne utvide grensene sine og utfordre seg sjølv. Også viktigheita av å vite om det skjer noko i livet til barnet som kan påverke kvardagen.

Når det gjeld skjerming, var det ulike måtar å sjå det på. Litt skjerming kan vere naudsynt.

Dei særleg sensitive barna må ikkje gå glipp av å vere sosiale saman med dei andre barna. Barnet kan prøve å gå inn og ut av situasjonen og heller trekke seg tilbake om det blir for mykje. Det gir barna fleksibilitet, og at dei kan observere og kome inn i situasjonen når dei er klare.

Vikarar kan gje ei ekstra utfordring, men ikkje alltid, då det er så avhengig av kven barnet er og kven den nye personen er. Det er avgjerande å ha nokre av dei fast tilsette der slik at dei kan sjå an og vere i forkant når det trengst.

 

"Å førebu er eit sentralt element."

 

Vegen vidare

Som framtidig barnehagelærar vil eg ha fokus på at ein alltid skal møte alle barna der dei er,  og prøve å finne kvifor det einskilde barnet i barnegruppa reagerer eller handlar som det gjer.

Å førebu er eit sentralt element slik at barnet kan vite kva som skal skje, og at dette vil vere med på å gjere overgangssituasjonane mykje enklare, og kanskje til ein meir positiv setting.

I tillegg til vaksne som hjelper barnet å handtere når det er overstimulert og treng hjelp til å roe ned og tid til å prosessere stimuli. Blir fleire av dei som arbeidar i barnehagen bevisst kor stort mangfaldet blant barnegruppa eigentleg er, vil ein enda enklare klare å møte dei einskilde.

Artikkelen byggjer på ei bacheloroppgåve om personalet i barnehagen og det å leggje til rette for ein god kvardag for dei særleg sensitive barna i barnehagen.

 

 

Kjelder:

Aron, Windt-Val, & Windt-Val, Benedicta. (2017): Særlig sensitive barn. Oslo: Cappelen Damm.

August, L., Faye-Schøll, B., & August, Martin. (2016): Sensitive barn i pedagogisk arbeid: Fra sårbarhet til styrke. Oslo: Kommuneforlaget. 

Malt, U. (2015): Empati. Frå: https://snl.no/empati 

Strand, B. C. (2015). Det særlig sensitive barnet. Første steg, 14 (4), 22-23.

Svatun, B. (2017): Høysensitive barn: i barnehagen og hjemme. Oslo: Kommuneforlaget.

Utdanningsdirektoratet (2017): Rammeplanen for barnehagens innhold og oppgaver. Oslo: Utdanningsdirektoratet.

Kjøreregler for debatten

Her kan du kommentere artikkelen.

Utdanning setter pris på friske meningsbrytninger, men vis omtanke for dine med- og motdebattanter, hold deg til saken og bruk fullt navn. Dersom du ønsker å skrive et lengre innlegg, er du velkommen til å sende det til denne adressen: debatt@utdanningsnytt.no.

Hvis du ser kommentarer som du oppfatter som støtende, kan du varsle redaksjonen ved å merke den aktuelle kommentaren som upassende. Det gjør du ved å klikke helt til høyre for kommentaren du vil varsle oss om. (Dette fungerer ikke fra mobil. Vi jobber med en løsning).
Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Kommentarer kan bli brukt på alle Utdannings plattformer.

Fullt navn er en forutsetning for å delta i debatten!