I 2014 vart det registrert 3700 personar som offer for seksuallovbrot. Heile 740 av desse var barn. Ill.: Tone Lileng | post@tonelileng.no

"Om lag 30 prosent av personar som lir av ete-vegring, har blitt utsette for seksuelle overgrep."

For å kunne oppdage barn som vert utsett for seksuelle overgrep, lyt lærarar ha kunnskapar som gjer dei i stand til å sjå.

Denne artikkelen byggjer på ei bacheloroppgåve om seksuelle overgrep og korleis lærarar kan oppdage og handtere dette.

Ein lærar er ein av dei viktigaste omsorgspersonane utanom heimen, og gjennom mykje samvær med barna har lærarar ei unik mogelegheit til å oppdage slike situasjonar. For å kunne oppdage barn som vert utsett for seksuelle overgrep, lyt vi ha kunnskapar som gjer oss i stand til å sjå.

Kva er seksuelle overgrep?
Dei fleste sosialpsykologiske definisjonane av seksuelle overgrep forklarar på ulike måtar at den som forgrip seg, brukar makta si til å dekkje sine eigne behov slik at det går ut over barnet sine behov.

Definisjonane kan også seie noko om at overgrep er seksuelle handlingar som barnet ikkje kan forstå, at handlinga krenkjer barnet sin integritet, at den vaksne utnyttar barnet sin avhengnad eller sin eigen maktposisjon, at handlingane bryt med sosiale tabu innan familien, eller at handlingane er ulovlege (Søftestad, 2005).

Ein brei definisjon inkluderer alle former for utuktig samhandling med born og signaliserer at seksuell aktivitet med born ikkje er akseptert.

Når ein definerer omgrepet smalt, skil ein mellom berøring av barnets kjønnsdelar og ikkje å røre barnet. Då vert ikkje blotting, tvang til nakenposering, filming og tvang til å sjå på seksuelle handlingar rekna som alvorlege seksuelle overgrep (Breidvik, 2003).

Det at ulike definisjonar vert knytt til ulike undersøkingar, gjer det vanskeleg å kartleggje fenomenet.

Omfang
I 2014 vart det registrert 3700 personar som offer for seksuallovbrot. Heile 740 av desse var barn. Av alle dei registrerte ofra for seksuallovbrot i 2014, var heile 87 prosent kvinner (Statistisk sentralbyrå, 2016).

Dette er tal på registrerte tilfelle, dei inkluderer ikkje tilfelle som ikkje vert oppdaga eller ikkje vert melde. Ein kan såleis rekne med store mørketal.

I nyare tid har det kome fleire former for seksuelle overgrep, som følgje av den teknologiske utviklinga. Ei seksuell åtferd som ikkje inneber fysisk kontakt kan vere å filme barnet eller å vise det pornografi, digitale samtaler, eller å ta imot meldingar eller bilete av seksuell karakter (Aasland, 2014).

Kven forgrip seg?
Mangel på kunnskapar om kven som forgrip seg på barn kan hindre oss i å fange opp og reagere på borna sine signal, dersom den mistenkte ikkje passar inn i våre førestillingar (Søftestad, 2005).

88 prosent av overgrepa vert gjort av ein som barnet kjenner, anten foreldre, biologiske søsken eller ein annan slektning. Den som forgrip seg, kan vere ein ven eller nabo av familien, eller ein tillitsperson i barnet sitt sosiale nettverk (Aasland, 2014).

Av sakene som vert oppdaga, vert 90-95 prosent utført av menn og gutar. Rundt 5-10 prosent av seksuelle overgriparar er kvinner, som utfører overgrep både mot jenter og gutar (Søftestad, 2005).

Grunna samfunnsmessige tabu reknar ein med at talet på overgrep utført av kvinner er underrapportert (Aasland, 2014).

Barn kan utføre overgrep, både mot yngre og eldre barn, mot søsken eller vener. I nokre høve kan barn verte overtalt eller forklart av vaksne kva seksuelle handlingar dei skal gjere med andre born (Aasland, 2014).

Tabu
Tabu kring seksuelle overgrep kan verke førebyggjande, ved at det hindrar vaksne i å utføre seksuelle handlingar mot barn, eller det kan hindrar dei involverte i å snakke om overgrepet. Tabu pregar arbeidet med å forstå symptom og åtferd, samt viljen til å fremje konkrete mistankar om overgrep i skulen og andre instansar (Søftestad, 2005).

Barn frå rundt sju-åtte år kan oppdage tabu som er knytt til seksuelle overgrep, og kan difor prøve å halde det hemmeleg. Mange kjenner på skam og skuld knytt til overgrepa. Barn kan òg verte truga til å halde stilt om det som skjer, og det kan uroe seg for kva konsekvensar avsløring vil få (Aasland, 2014).

"Det er når ein ser fleire teikn, at ein må sjå desse i samanheng og vurdere livssituasjonen til barnet for å finne ut om seksuelle overgrep kan vere ei årsak."

Teikn
Barn har ulike måtar å uttrykkje seg på, og signala dei gir, kan vere veldig vage. Barna trur kanskje at dei vaksne ser korleis dei har det og kva dei opplever.

Gjennom samtale med 25 vaksne som vart utsett for overgrep før dei var 18 år gamle, kom det fram at alle var overtydde om at vaksne dei kjende, til dømes forelder eller lærar, visste om det som skjedde (Aasland, 2014).

Dette viser kor viktig det er at lærarar er merksame på barn si kommunikasjonsform og veit kva signal ein kan sjå etter.

Felles for mange av teikna for seksuelle overgrep, er at dei òg kan vere signal eller symptom på noko anna enn seksuelle overgrep.

Det er når ein ser fleire teikn, at ein må sjå desse i samanheng og vurdere livssituasjonen til barnet for å finne ut om seksuelle overgrep kan vere ei årsak (Aasland, 2014).

Somatiske teikn
Somatiske teikn kan kome til uttrykk, då kroppen hugsar det barnet vil gløyme, ubehaget vert formidla gjennom smertespråk og kroppslege symptom (Killén, 2015).

Elevar kan klage over hovudverk, stramme og spente musklar, vondt i magen eller i tissen. Det kan vere hyppige urinvegsinfeksjonar, og dei kan starte å tisse eller bæsje på seg igjen etter å ha slutta med bleie.

Observerer ein blåmerke, til dømes merker etter fingrar på overarmar, lår, hofter, ansikt og liknande, kan det kome av valdsbruk i forbindelse med overgrep. Kjønnssjukdomar, graviditet og abort kan oppstå hjå veldig unge barn (Aasland, 2014, Kvam, 2001).

Munn- og tannproblem
Dårlege tenner kan kome av at barnet kastar opp eller brekker seg etter oralsex, då magesyra tærer på tenna og øydelegg emaljen.

Sjølv om barnet ikkje er utsett for overgrep i munnen, kan han eller ho likevel vere plaga med kvalme og brekkingar.

I tillegg til ytre skadar på tennene, kan sjølve tannlegebesøket kjennast svært vanskeleg for barn som har vore utsett for orale seksuelle overgrep. Tannlegesituasjonen kan minne om overgrepssituasjonen ved at dei har fått penis, vagina eller gjenstandar pressa mot munnen sin (Aasland, 2014).

Sjølvskading
Aasland (2014) viser til barn sine eigne opplevingar med sjølvskading. Ei jente på 16 år fortel at den psykiske smerta vart gløymd for ei lita stund, og at den fysiske smerta var enklare å handtere enn det psykiske kaoset på innsida.

Små barn kan slå og dunke hovudet mot vegg, golv eller liknande. Litt større barn kan skjære seg opp på armar, bein, bryst eller kjønnsorgan ved å bruke barberblad og glasskår. Dei kan brenne seg med sigarettar, lugge seg og rive av seg hår (Aasland, 2014, Breidvik, 2003).

"Særleg utsett for å utvikle vanskar knytt til eting, er barn som har blitt tvinga til munnsex."

Ete-vegring
Om lag 30 prosent av personar som lir av ete-vegring, har blitt utsette for seksuelle overgrep. For nokre kan det handle om å ta kontroll over eigen kropp gjennom inntak av mat og drikke (Aasland, 2014). Dersom barn nektar å ete nokre typar mat, som til dømes pølse, banan og gulrot, kan dette vere fordi det minner om fasongen til ein penis. Barnet kan bli kvalm av å sjå kvit saus, mjølk, rømme, smelta is og liknande, då dette liknar sæd. Særleg utsett for å utvikle vanskar knytt til eting, er barn som har blitt tvinga til munnsex (Kvam, 2001, Breidvik, 2003).

"Nokre barn vegrar seg for leik som inneber tett fysisk kontakt."

Forhold til eigen kropp
Nokre barn vegrar seg for leik som inneber tett fysisk kontakt. Somme vil kle av seg og kle seg nakne, medan andre kan vere redde for å kle av seg eller føle ubehag i situasjonar som krev byting av klede. Barn som vegrar seg for å kle av seg, trur at andre kan sjå kva dei vert utsett for.

Nokre barn kan klenge seg inntil og gni kropp og kjønnsorgan mot andre sine, både vaksne og andre barn. Andre kan vere avvisande og vise redsle og ubehag ved fysisk kontakt (Aasland, 2014).

"Barn som er utsett for seksuelt overgrep (...) kan oppleve å ikkje ha noko eigeverd."

Angst og dårleg sjølvbilete
Barn kan ha angst for å vere åleine med ein vaksen, for mørket, for å kle seg naken hos legen eller redsle for å bli teken på (Kvam, 2001).

Barn som er utsett for seksuelt overgrep, kan oppleve at det berre har verdi når det er eit objekt som kan tilfredsstille behovet til den som forgrip seg. Dei kan oppleve å ikkje ha noko eigeverd.

Fagleg vil ein elev som har lågt sjølvbilete ofte prestere svakare enn evnene tilseier. Dårleg sjølvbilete kan føre til at barnet taklar dårleg rettleiing eller påpeiking av feil (Breidvik, 2003).

Regresjon
Regresjon kan førekomme i samband med sterke opplevingar eller traume (Aasland, 2014).

Barn som vert utsett for seksuelle overgrep, kan gå tilbake i utvikling. Dei kan starte å snakke babyspråk etter å ha lært seg å snakke reint, eller dei kan tisse og bæsje på seg att.

Mareritt
Søvnvanskar og mareritt kan vere resultat av seksuelle overgrep. Barnet kan drøyme om den som utfører overgrep eller om overgrepssituasjonar, noko som kan føre til verbale utbrot og gråt (Aasland, 2014).

Dårleg søvn kan verke inn på skulekvardagen og såleis vere eit aktuelt tema for samtale.

Lite mimikk
Barn reagerer ulikt og har ulikt lynne. Nokre barn som vert utsett for ulike alvorlege traume, kan ha lite mimikk og verke uttrykkslause. Ein kan ikkje sjå forskjell på glede og sorg i andletet.

Nokre barn verkar om lag apatiske, avhengig av den grada av traume dei har vert utsett for (Aasland, 2014).

"Når barnet i ein tidleg alder erfarer at omsorgspersonane ikkje er trygge, skapar det ein grunnleggjande utryggleik i barnet si forståing av relasjonar mellom menneske, ein relasjonsskade."

Tap av tillit
Når barnet i ein tidleg alder erfarer at omsorgspersonane ikkje er trygge, skapar det ein grunnleggjande utryggleik i barnet si forståing av relasjonar mellom menneske, ein relasjonsskade.

Følgjene av relasjonsskadar er at barnet kan ha vanskar med å stole på andre vaksne dei kjenner og mistar den naturlege oppfatning av kven dei kan lite på.

For desse barna kan det ta lang til å byggje opp eit tillitsforhold til andre. Mange skiftar vener ofte og har overflatiske venskapsforhold. (Aasland, 2014, Breidvik, 2003).

Endring av åtferd
Endring i åtferd kan vere knytt til stadar eller situasjonar, eller når barnet skal gjere visse oppgåver. Andre gongar kan endringa i åtferd vere meir permanent.

I starten kan denne endringa skje så gradvis at det kan vere vanskeleg å knyte det til særskilde tidspunkt og periodar (Kvam, 2001).

Barnet kan til dømes vise aggresjon, passivitet, konsentrasjonsvanskar eller vantrivsel som det ikkje har vist tidlegare (Aasland, 2014).

"Seksualisert åtferd handlar om at barnet viser avansert seksuell kunnskap som ikkje er normalt for alderen."

Seksualisert åtferd
Seksualisert åtferd handlar om at barnet viser avansert seksuell kunnskap som ikkje er normalt for alderen. Det kan vere eit seksualisert språk, der dei viser kunnskap og nyttar omgrep som ikkje er vanlege i aldersgruppa.

Teikningar som er seksuelt fikserte, til dømes av menn med erigert penis, kan tyde på at dei har sett eller opplevd noko som har sjokkert dei. Eit teikn kan vere å prøve å opne buksesmekken, og snakke om kva dei kan gjere med kjønnsorganet.

Nokre barn kan sleike ein vaksen i fjeset og prøve å tungekysse. Barn kan ta den vaksne og seg sjølv på tissen medan han eller ho lagar stønne/puste-lydar.

Samstundes bør ein hugse at noko seksuell åtferd er vanleg hjå barn, at ikkje alle teikn er teikn på overgrep (Aasland, 2014, Kvam, 2001).

Konsentrasjonsvanskar
Problem med å konsentrere seg kan kome av at dei stadig vekk tenkjer på, eller forsøkjer å gløyme det som skjer med kroppen.

Nokre barn skapar mykje uro ved at dei alltid er i bevegelse, medan andre barn kan bli fjerne og stille.

Nokre elevar byrjar å skulke, då dei ikkje orkar å gå på skulen på grunn av smertene dei ber på.

For andre kan skulen og skulearbeidet vere det som gjer at dei greier å skyve vekk tankane om seksuelle overgrep dei vert utsett for (Aasland, 2014).

"Barnet kan vere vanskeleg å forstå seg på, og skape ei kjensle av uro eller dårleg magekjensle i den vaksne."

Inneslutta eller utagerande
Barnet kan vere vanskeleg å forstå, anten han eller ho uttrykkjer seg ved å vere svært aktiv eller aggressiv, eller ved å vere trist eller svært blid.

Eleven kan isolere seg eller vere plagsamt kontaktsøkjande. Når barn prøver å uttrykke noko utan å nytte ord, kan det kome i form av oppførsel.

Barnet kan vere vanskeleg å forstå seg på, og skape ei kjensle av uro eller dårleg magekjensle i den vaksne (Aasland, 2014).

"Kjenslene knytt til den traumatiske hendinga vert spalta frå den faktiske hendinga."

Dissosiasjon
Barn som er utsett for traumatiske opplevingar, kan gå inn i ein tilstand kalla dissosiasjon. Det er ein meistringsstrategi som kroppen umedvite set i gong for å forsvare seg mot å bli overvelda eller øydelagd av ekstremt smertefulle psykiske og fysiske opplevingar.

Ved dissosiative lidingar vert ikkje eit traumatisk minne lagra i si heilskap med syns- og høyrsleinntrykk, lukt, kroppssansingar, tanke, kjensle, handling, meining, men dei vert splitta opp i fragment som vert lagra fråskilt. Kjenslene knytt til den traumatiske hendinga vert spalta frå den faktiske hendinga.

Tilstanden kan vise seg både under overgrepet og som ein seinverknad, anten kronisk eller løyst ut ved ein stressor (Breidvik, 2003, Sosial- og helsedirektoratet, 2003).

"Ein bør ikkje avbryte barnet eller flytte merksemda over på noko anna, sjølv om samtala er vanskeleg."

Kommunikasjon
I tillegg til fysiske teikn kan ein òg få signal av barn gjennom kommunikasjon. Barn kan kommunisere redsle ved å ikkje ville besøkje mor eller far, eller dei kan uttrykkje tidlegare hendingar både gjennom teikning, leik og verbal kommunikasjon (Aasland, 2014).

Vi kan hjelpe eleven å uttrykke seg, gjennom samtale og ved å lytte på det dei har å seie. Vi kan stille konkrete spørsmål, til dømes om blåmerke eller skulking, kvifor barnet ikkje vil dusje eller ha gym og liknande, men spørsmål bør ikkje vere leiande.

Ein kan stille spørsmål som kva, kvar og kven, eller spegle barnet ved å seie: «Eg ser at du er lei deg i dag, kan du fortelje meg kva eller kven som gjer at du føler deg slik?».

Ein bør ikkje avbryte barnet eller flytte merksemda over på noko anna, sjølv om samtala er vanskeleg. Ein må tole pausar, vente på det som kjem og vere merksam (Aasland, 2014).

"Dersom vi er redde for å ta tak i desse situasjonane eller ikkje tek ansvaret vårt på alvor, kan det få fatale følgjer for barna vi har medansvar for."

Avsluttande kommentar
Lærarane som har kunnskap om temaet, er betre rusta til å oppdage elevane som vert utsett.

Lærarar kan ha stor innverknad, anten ved at vi ser kva barna vert utsett for og set i gong prosessen med å hjelpe dei, eller ved at vi ikkje oppdagar det og dei traumatiske opplevingane får fortsette.

Vår rolle i barnet sitt liv er viktig. Dersom vi er redde for å ta tak i desse situasjonane eller ikkje tek ansvaret vårt på alvor, kan det få fatale følgjer for barna vi har medansvar for.

 

Forfattarane er Britt Eva Heggheim, lærarstudent Høgskulen på Vestlandet

og 

Kirsten Flaten, dosent Høgskolen på Vestlandet

 

Kilder:

Aasland, M. (2014): « … si det til noen …» En bok om seksuelle overgrep mot barn og unge (3. utg. ed.) Oslo: Cappelen Damm akademisk.

Breidvik, G. (2003): Misbrukte barn. Reaksjoner som kan vise seg i skole og barnehage. Sigma forlag.

Killén, K. (2015): Sveket (5. rev. utg.). Oslo: Kommuneforlaget

Kvam, M. (2001): Seksuelle overgrep mot barn. Oslo: Universitetsforlaget

Nasjonalt ressurssenter for seksuelt misbrukte barn. (2002): Seksuelle overgrep mot barn: Utvalgte temaer. Oslo: Nasjonalt ressurssenter for seksuelt misbrukte barn.

Søftestad, S. (2005): Seksuelle overgrep. Fra privat avmakt til tverretatlig handlekraft. Universitetsforlaget.

Forvaltningsloven (1967): Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker. Henta 17.02.16 frå https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1967-02-10/KAPITTEL_3#KAPITTEL_3

Straffeloven (2005): Lov om straff. Henta 14.03.16  frå https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2005-05-20-28/KAPITTEL_2-11#KAPITTEL_2-11 

Opplæringslova (1998): Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Henta 17.02.16 frå https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1998-07-17-61#KAPITTEL_17

Statistisk Sentralbyrå (2015): Ofre for anmeldte lovbrudd, 2014. Henta 11.04.16 frå http://www.ssb.no/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/lovbruddo/aar/2015-10-13?fane=tabell&sort=nummer&tabell=240217

Sosial- og helsedirektoratet (2003): Seksuelle overgrep mot barn. En veileder for hjelpeapparatet, henta 11.04.16 https://www.regjeringen.no/globalassets/upload/kilde/bfd/bro/2003/0017/ddd/pdfv/286825-seksuelle_overgrep_mot_barn.pdf

Statens Barnehus (2009): Henta 07.04.16 frå:  http://www.statensbarnehus.no/

Powered by Labrador CMS