Oslo-ambassadør Anna Mária Sikó er uroleg for framtida til den ungarsk-språklege minoriteten i nabolandet Ukraina. Foto: Harald F. Wollebæk

Meiner ny skulelov trugar ungarsk minoritet

Framlegget til ny skulelov i Ukraina vekkjer sterke reaksjonar i nabolandet Ungarn.

Publisert

I Zakarpattja-fylket heilt vest i Ukraina bur rundt 150.000 menneske med ungarsk som morsmål, og elevar i grunnskulen har høve til å få all undervisning på ungarsk. Men i forslaget om ny lov for mellomtrinnet skal undervisninga frå 5. klasse i aukande grad skje på ukrainsk; frå 20 prosent i 5. trinn til minst 60 prosent på 10. trinn.

Utdanningsminister Lilija Hrynevitsj seier dette vert gjort for å betre framtidsmoglegheitene for ungarskspråklege barn.

Ho peikar på at i ein kommune strauk 70 prosent av elevane på opptaksprøva i ukrainsk til høgare utdanning.

– Det er rein diskriminering av desse barna at utdanningssystemet ikkje har lært dei ukrainsk godt nok. Difor endrar vi lova, seier ho til det ukrainske magasinet Novoje Vremja.

Framlegget skal etter kvart handsamast i den ukrainske nasjonalforsamlinga.

Ungarns ambassadør i Noreg, Anna Mária Sikó, meiner dei nye reglane vil føre til at elevane endar opp med to halve grunnskuleutdanningar.

– Tenk deg ein 10-12-åring som har fått opplæring i matematikk og fysikk på morsmålet, som brått må gå over til ukrainsk som undervisningsspråk. Det den ungarske minoriteten treng for å bli betre i ukrainsk, er betre undervisning i ukrainsk som eit andrepråk, seier Sikó til Utdanning.

Ho fryktar at dette vil bli så krevjande for ungarskspråklege elevar at dei gjev opp, og at ungarsk kan forsvinne som minoritetsspråk. I 1100 år har det budd folk med ungarsk som morsmål i området.

Når det gjeld elevar med russisk og kviterussisk som morsmål, er krava i lovforslaget endå strengare enn for ungarsk og andre EU-språk. For desse elevane skal minst 80 prosent av undervisninga skje på ukrainsk frå og med 5. klasse, ifølgje lovframlegget. Elevar med eit «sårbart morsmål» skal derimot få tilbod om undervising på dette språket gjennom heile grunnskolen.

 

Powered by Labrador CMS