– Han hadde skrive for å provosera og tenkte nok at eg ville reagera sterkt. Men det var som ein Quentin Tarantino-film på floradialekt, fortel lærar Pål Melvær Giil. Arkivfoto: Utdanning

«Etter kvart som eg las, oppdaga eg snertne replikkar, gode dialogar, språk som flaut godt og med rytme»

Elevane i norskklassen måpte då dei skjøna kven si forteljing læraren skulle lesa høgt i timen.

Publisert

Historia Pål Melvær Giil deler med oss, utspann seg for om lag 15 år sidan, eit av dei første åra han underviste ved Flora vidaregåande skule. Han skulle ha ein «berykta» yrkesfagklasse i norsk, og kunne grua seg, ifølgje kollegaer. Særleg ein elev der var kjend for å skapa konfliktar. Læraren måtte vera budd på det verste.

– Første timen vart nett slik eg hadde frykta, fortel Giil. 

– Han hadde uvanleg grovt språk og høyrde ikkje etter. Han sa at han hata skulen, hata alle teorifaga, men særleg hata han norsk. Samstundes var denne guten leiaren i klassen, ein skikkeleg «tøffing». Han sa: «Eg kjem ikkje til å gjera noko i norsktimane. Det eg skriv, hadde du uansett ikkje likt å lesa.» Eg lurte på korleis eg skulle takla dette.

 

Kriminell tekst

I klassens første skriveøkt skulle elevane få vera med på å bestemma tema. Etter noko diskusjon enda det opp med at dei skulle skriva ei kriminalforteljing. Dei byrja i timen og gjorde tekstane ferdige heime.

Læraren las gjennom gutens tekst. Den var skriven på noko som skulle vera floradialekt. Det florerte med skrivefeil, og med banning, tabuord og skildringar av vald og kjønnsleg omgang.

– Han hadde skrive for å provosera og tenkte nok at eg ville reagera sterkt. Men etter kvart som eg las, oppdaga eg snertne replikkar, gode dialogar, språk som flaut godt og med rytme. Som ein Quentin Tarantino-film på floradialekt, tenkte eg.

I neste time, då elevane skulle få tilbake tekstane, sa læraren at det var fleire gode tekstar, men at ei var spesielt bra skriven. Den ville han lesa høgt. Då elevane forstod kven som hadde skrive teksta, såg det ut som dei tenkte «Oi-oi, kva kjem no?».

 

«Dritbra!»

– Eg byrja å lesa, med innleving og utan kunstige pausar. Slik oppfatta elevane at det var ei god forteljing, trass i til dels sjokkerande språk og innhald: «Dritbra! Har han skrive dette?»

– Eg kunne sjå at guten sjølv også var positivt overraska. Der og då snudde han, og dermed klassen. Han kom på mitt lag, vart pliktoppfyllande og gjorde stort sett leksene sine. Det vart eit triveleg år med norsktimar i yrkesfagklassen. Sjølv om eg berre hadde klassen i to timar i veka i eitt år, fekk eg ein god relasjon til eleven, og framleis helsar me på kvarandre rett som det er.

– Var det tilfeldig at guten snudde der og då? Eller hang det saman med korleis du handsama situasjonen?

– Eg har hatt fleire såkalla vanskelege elevar, men stort sett går det betre enn ein trur. Det er viktig å etablera ein relasjon. Eg let meg ikkje provosera, men freistar å ta dei på alvor og beheld samstundes roa. Eg legg vinn på ikkje å vera dømande, men eg seier frå om ting eg ikkje set pris på. Dermed plar dei å «snu» i løpet av skuleåret.

 

 

Powered by Labrador CMS