Annonse

Det er særleg unge med lite kjennskap til arbeidslivet og som ikkje har opplevd at foreldra diskuterer jobben over kjøkkenbordet, som har nytte av ordninga med Nav-tilsette til stades i vidaregåande skole. Ill.Foto Bjørn Frostad/Samfoto

Nav-tilsette i vidaregåande skole gir mindre fråfall – nå blir ordninga lagt på is

Nav-tilsette med kontorplass i vidaregåande skole hindrar elevar frå å falle frå skoleløpet. Men nå må dei Nav-tilsette ut av skolen.

Annonse

Utdanningsnytt på Facebook!

Nav-tilsette med kontorplass i vidaregåande skole får ned fråfallet blant elevane, konkluderer tre fylkesmenn.

– Vi veit at ved Ole Vig vidaregåande skole i Stjørdal i Trøndelag har innsatsen frå dei Nav-tilsette vore avgjerande for at 14 elevar fullførte skoleløpet. For mange fleire elevar har hjelpa frå Nav vore ein heilt sentral del av dei tiltaka som har halde dei i skolen, seier seniorrådgivar Roar Bjørkli hos Fylkesmannen i Trøndelag til Utdanning.

Det er fylkesmennene i Nord-Trøndelag, Sogn og Fjordane og Oppland som i årsmeldinga for 2017 trekk fram det positive med å ha Nav-rettleiarar i vidaregåande skole.

Forsøket med Nav-tilsette i vidaregåande skole har gått føre seg sidan 2013, og det blir formelt avslutta ved slutten av dette skoleåret. Men 11 skolar får likevel fortsette til 2019. Ingen av skolane har vore med heile tida. Dei som starta i 2013, avslutta i 2016. Forsøkstida for kvar skole har i utgangspunktet vore tre år, sjølv om somme skolar har fått forlenga tid nå på slutten. Skolar frå alle fylke har vore med i forsøket.

Dei første åra var forsøket finansiert av Nav. Det siste året har skoleeigar og Nav delt utgiftene.

 

Forsøket skal vurderast

– Mange gode einskildhistorier vitnar om at tiltaket har hatt god effekt. Likevel vil vi sjå ein heilskapleg oppsummering frå Nifu (Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning) om forsøket. Vi vil diskutere form og innretting før vi gjer noko meir, seier seksjonssjef i Nav, Jan Erik Grundtjernlien, til Utdanning.

Som stikkord for diskusjonane som må takast, nemner han digitalisering.

– Treng til dømes konsulentane vere på skolen om vi tar i bruk Skype? seier han.

Grundtjernlien forklarar bakgrunnen for forsøket slik:

– Arbeidslivet vil ha eit stadig større behov for folk med utdanning frå vidaregåande skole, og særleg frå yrkesfag. Utan vidaregåande utdanning blir sjansen til å få jobb liten. Da må vi sikre at så mange som råd får slik utdanning.

 

Bustad eller økonomisk støtte

Grundtjernlien understrekar at Nav ikkje går i beina på dei som alt arbeider i skolen og gir skole-fagleg oppfølging, er helsesøstrer eller arbeider i oppfølgingstenesta.

– Vi har verkemiddel desse ikkje rår over. Det er ungdommar som treng hjelp til det mest basale, som økonomisk støtte til livsopphald eller bustad. Det seier seg sjølv at skolearbeidet blir tungt når slikt ikkje er på plass. Dette kan vi hjelpe med. Vi har òg kontaktar inn i arbeidslivet og kan få til ordningar for tilpassa arbeidspraksis og alternative kombinasjonar av arbeidspraksis og skole, seier han.

 

Utsett ungdom

– Dette er svært utsette ungdommar, understrekar Grundtjernlien.

– Det er ungdommar som veit lite om arbeidslivet, og som ikkje har høyrt foreldre diskutere jobben over kjøkkenbordet. Difor treng vi eit system for å halde dei i vidaregåande skole. Men vi treng også dette systemet for å kunne sende ungdommane tilbake til skolen når dei møter opp på Nav-kontoret etter at dei har slutta, seier han.

Liv Dalheim hos Fylkesmannen i Oppland og Torvald Røneid Moen hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane stadfestar overfor Utdanning at i den elevgruppa som har særleg nytte av Nav, er det fleire med store, samansette problem. Dei trekk òg fram at det er viktig at dei Nav-tilsette er tilgjengelege for ungdommane i skolen. 

Roar Bjørkli hos Fylkesmannen i Trøndelag meiner likevel at resultata av ordninga ikkje kjem av seg sjølv. Det inntrykket fekk han etter eit landsomfattande møte for dei involverte partane nå nyleg.

– Innsatsen frå styringsgruppa for tiltaket på den einskilde skolen var viktig. Stor innsats gav gode resultat, seier han.

 

Kven skal betale tiltaket?

– Utfordringa med å gjere tiltaket permanent ser ut til å vere finansieringa. Skal Nav, skoleeigar eller kommunen finansiere tiltaket? Dette må kunne løysast. Sentrale politikarar bør agere, seier Bjørkli.

Grundtjernlien meiner ikkje finansieringa treng å bli eit problem.

– Meiner både Nav og skoleverket dette er ei god ordning, bør det vere pengar i systemet til å finansiere det, seier han.

Stortingsrepresentant Hans Fredrik Grøvan frå Kristeleg Folkeparti vart kjent som ein slugger til å skaffe pengar til skoleformål da han pressa fram ordninga med ny lærartettleik ved siste vedtak om statsbudsjett.

På spørsmål frå Utdanning om eventuelle finansieringsproblem for ordninga, seier han at det er viktig at Nav får fleksible rammer, slik at dei kan leggje til rette for denne gruppa med ungdom. Grøvan vedgår at han ikkje veit mykje om forsøket med Nav-konsulentar i vidaregåande skole, men at det har gitt inntrykk av å vere svært positivt.

 

_____________________

 

Hei!

Kommentering av artikler er ikke tillatt mellom midnatt og 06:00.
Velkommen tilbake!

 

_________________________