Annonse

Lærar Åshild Bergan Håkonsløkken ved Bø barneskule, Bø i Telemark i aksjon med klassen ho har i alle fag og er kontaktlærer for, 2C. Her syng dei til singback. Foto: Arne Solli

– Når ungane får synge, lærer dei betre

Ordet «song» er fjerna frå skulens overordna læreplan. Det liker Kristin Tangen Tolo dårleg.

Annonse

Utdanningsnytt på Facebook!

Ho er musikklærar ved Bø skule i Bø i Telemark, og ho kjempar for at songen skal få ein naturleg, dagleg og mykje større plass i klasserommet i grunnskulen. Med støtte frå Norsk kulturråd har ho saman med musikarkollega Jon Solberg laga eit hjelpemiddel til lærarar slik at dei kan synge meir med klassen sin: CD-prosjektet «Skulesong singback», så langt tilrettelagt for første og andre trinn.

«Singback» er eit musikkfagleg uttrykk for musikk utan vokal, musikk ein kan synge i lag med. Tanken er at CD-ane vil gjere det lettare for lærarane å engasjere klassen i song, både fordi det å synge skaper glede, og fordi det å synge, som Kristin Tangen Tolo understrekar, elskar fram eit betre læringsmiljø i klassen.

– Ein del vaksne kvir seg for å synge.Dei tykkjer ikkje dei kan, men nesten alle ungar liker det, seier Tangen Tolo til Utdanning.

– Når ungane får synge, får dei ein pause frå anna undervisning, lærer song og bevegelse, då blir dei òg betre i stand til å lære. Songen vekker, roar og gjer det triveleg i klasserommet.

 

Musikklærar Kristin Tangen Tolo (t.h.) og norsklærar og spesialpedagog Elisabeth Lia jobbar ved Bø barneskule, Bø i Telemark. – Songen aukar konsentrasjonen og sparar læraren for mykje hysjing, seier Lia.
FOTO: Arne Solli

 

Dempar stress 

Ho seier ho begynte med å spele inn noko for sin eigen del ved pianoet heime, noko «heimesnikra» ho kunne bruke i timane. Då ein kollega spurde om å få låne musikken til bruk i sine eigne timar, vakna etter kvart tanken om noko større. Då Tangen Tolo fann fleire som trudde på ideen, tok ho kontakt med Norsk kulturråd som òg trudde på han. Og no, hausten 2017, er dei to første CD-ane klare.

– Songen er viktig pedagogisk fordi han gjer deg avslappa. Vitskapeleg er det påvist at det å synge dempar stresshormonet kortisol. Det kan bli mindre uro i klassen om elevane får det dei treng av song kvar dag, meiner Tangen Tolo.

– I småskulen inneheld dagen mange overgangar. Når overgangane mjukast opp med ein song, blir dei mindre brå og det blir mindre uro. I tillegg skapar songen samhald og empati elevane imellom, seier ho.

– Dessutan er det umogleg å vere sur og å synge samstundes! Songane på «Skulesong singback» gir elevane trygge rammer i klasserommet. Morgonsongar, matsongar, song om vekedagar og månadar; mange av songane er tilpasse skulekvardagen. Songane er spela inn i to versjonar, med vokal og utan, altså singback-versjonen.

 

Ønsker songglede, ikkje perfeksjon

– Mange lærarstudentar liker ikkje synge, og det er fullt mogleg å gå gjennom lærarutdanninga utan å synge; studentane kan velje bort song som fag. Dei vil ikkje synge fordi dei tykkjer dei ikkje kan, og det gjeld mange ungdommar òg, hevdar Kristin Tangen Tolo.

– Eg trur dei er påverka av fjernsynsprogram som «The Voice» og liknande. I slike program ser vi jo deltakarar som syng godt. Men dei bruker jo autotune til å perfeksjonere songen.

– Poenget med «Skulesong singback» er det enkle, det som alle kan få til. Det er eit lågterskeltilbod. Vi ønsker songglede i skulen, ikkje perfeksjon, seier ho.

 

 

– Tek ikkje omsyn til forsking

– Kunnskapsdepartementet tek ikkje omsyn til forsking når song blir fjerna frå læreplanen, seier musikkforskar Nora Bilakovic Kulset.

 

No er song blitt så lite viktig at ordet er fjerna frå skulens overordna læreplan, skriv Nora Bilakovic Kulset i universitetsavisa.no (3. oktober 2017). Dette finn musikkforskaren ved Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet (NTNU) i Trondheim urovekkande.

Ho legg ikkje skjul på at ho ikkje tykkjer om at song og musikk først blei fjerna som obligatorisk fag i lærarutdanninga – og no er faget fjerna frå skulen. Dette finn ho absurd.

Kulset seier det er lett å finne mykje forsking som påviser songens positive verdi for elevane og skulen, mens det slett ikkje finnast forsking som seier at song ikkje er bra for skulen.

Kulset seier at ein elev må ha 4 i matematikk for å bli lærarstudent, mens songen, som etter Kulsets meining har bidrege til at mennesket har overlevd som art gjennom mange tusen år, no er blitt uviktig. Ho spør statsråden: – Veit du kva du gjer?

 

Statsråden svarar

Og kunnskapsminister Henrik Asheim (Høgre) svarar i Universitetsavisa.no (11. oktober 2017). 

– Song vil bli godt vareteke i musikkfaget som utgjer like mange timar som tidlegare.

Asheim nektar i svaret til Kulset for at regjeringa vil ha songen ut av skulen. Han seier at ikkje alt kan nemnast ved namn i ein ny, overordna og nedkorta læreplan, der til dømes heller ikkje matematikk er nemnd.

Han er einig i at song kan vere eit godt pedagogisk verkemiddel, men seier at regjeringa ikkje vil påleggje lærarane å synge så og så mykje i dei ulike timane, og at lærarane skal ha fridom til å velje sine pedagogiske metodar.

 

 

Korforbundet syng ut

Norges Korforbund har saman med Musikk i skolen og Krafttak for sang sett i gong ein kampanje for meir song i skulen.

Kampanjen er ein protest mot at ordet «song» ikkje er med i den nye overordna læreplanen. Den går ut på at kor og andre over heile landet skal spele inn videosnuttar som etter kvart vil bli publisert på Facebook, Twitter, Instagram og YouTube.

Mellom dei som stør kampanjen, er Norsk musikkråd, Musikkens studieforbund, Norsk kulturskoleråd, Norsk viseforum og  Norsk Jazzforum.

Senterpartiets Liv Signe Navarsete, konstituert kunnskapsminister Henrik Asheim frå Høgre, og fleire kunstnarar og artistar har levert bidrag som kan sjåast og høyrast på Korforbundets heimesider.

 

 

 

 

 

 

 

Fakta

Denne artikkelen finner du også i Utdanning nr. 19/2017

 

Kjøreregler for debatten

Her kan du kommentere artikkelen.

Utdanning setter pris på friske meningsbrytninger, men vis omtanke for dine med- og motdebattanter, hold deg til saken og bruk fullt navn. Dersom du ønsker å skrive et lengre innlegg, er du velkommen til å sende det til denne adressen: debatt@utdanningsnytt.no.

Hvis du ser kommentarer som du oppfatter som støtende, kan du varsle redaksjonen ved å merke den aktuelle kommentaren som upassende. Det gjør du ved å klikke helt til høyre for kommentaren du vil varsle oss om. (Dette fungerer ikke fra mobil. Vi jobber med en løsning).
Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Kommentarer kan bli brukt på alle Utdannings plattformer.

Fullt navn er en forutsetning for å delta i debatten!

Fakta

Denne artikkelen finner du også i Utdanning nr. 19/2017