– Matlaging i barnehagen har berre fordelar

– Matlaging i barnehagen har berre fordelar. Det er gøy og lærerikt, som barnehagearbeid skal vere. På toppen av det heile får vi god mat, seier Linda Opsvik.

Publisert

Eit spørsmål frå ei raus jente som åt knekkebrød med majones til eit mellommåltid, vart ei stadfesting av at matstellet i barnehagen var viktig.

Denne artikkelen finner du også i Utdanning nr. 10/2017

– Ho sa eg kunne få ein bit. Men eg svarte som sant var, at eg ikkje likar majones, fortel Linda, og held fram: – Da kom det med ein gong: «Har du smakt?» Det er det vi spør ungar om når dei seier at dei ikkje likar noko. At vi ikkje kan mislike noko vi ikkje har prøvd, hadde gått inn, seier ho.

Så Linda smakte, og konstaterte at ho framleis ikkje likar majones.

 

Makaroni eller kjøttbollar som ubåtar

I Lerstad barnehage lagar barn og tilsette mat kvar fredag.

– Likar ikkje, var den dominerande reaksjonen frå ungane dei første vekene.

– Det var ikkje moro. Vi hadde styra og strevd med maten, og ungane ville ikkje eingong prøve. Men i dag er vi glade for at vi ikkje gav opp. Ungane fekk masse ros når dei våga seg til å smake, og det var ikkje mykje som skulle til før vi kalla det å smake. Somme sette berre tunga bortpå. Sakte losna det. Guten som meinte han ikkje likte fiskekaker, et nå tre store porsjonar, fortel Linda.

Den aller største favoritten er gulrøter. To kilo går med når 17 barn mellom tre og seks år skal ete fiskekaker med gulrøter.

Samstundes er det spennande kor ulik smaken er. Til dømes likar somme karri i fiskebollesausen, andre ikkje, konstaterer barna.

– Da eg var barn, var det å sjå kva eg åt viktigare enn smaken. Låg sausen som kamuflasje over maten, åt eg ikkje. Heller ikkje supper der makaroni eller kjøttbollar kunne lure som ubåtar. Har fleire barn det slik? 

– Ja. Difor er det lov å skrape vekk saus. Likevel kjem det gjerne litt saus på etter kvart. Salaten legg vi i haugar med ein ingrediens i kvar haug. Vi blandar ikkje, seier Linda, og held fram:

– Samstundes har vi sett at trongen til å sjå kva som er i maten, blir mindre når ungane har vore med og laga, seier ho.

 

– Posesuppa er best

– Tanken frå starten var at berre nokre barn skulle vere med kvar gong. Og framleis er det berre nokre som er med på kjøkkenet, der vi kokar og steiker og der det kan skje ulykker om ein ikkje passar på.

– Men alt som skal kuttast og skjerast og delast og blandast, blir tatt ut på avdelinga. Der er alle med. Alle ser kva vi brukar og smakar undervegs. Dette er noko alle ser fram til. Så nå kan alle skrelle poteter. Vi har plastra nokre fingrar, men det går greitt, seier Linda.

All mat blir laga frå botnen av. Med eitt unntak:

– Vi har laga vår eiga, heilt nydelege, tomatsuppe, med ferske tomatar og andre grønsaker. Likevel er ungane klåre: Posesuppa er best, fortel ho.

– Sist var eg på kjøkkenet med ein gut som er tospråkleg, men ikkje så stø i norsk ennå, held ho fram.

– Da eg skulle heim den dagen, sprang han etter meg og gav meg ein klem. Så takka han for at han hadde fått vere med på kjøkkenet. Da vart eg skikkeleg rørt.

– Slik vart det to gylne augneblikk frå matstellet?

– Det vart det. Og det er fleire, seier Linda Opstad.

 

Powered by Labrador CMS