Kraftig kritikk av svensk steinerskole

Sveriges Television (SVT) har nå starta serien «De utvalda barnen». Serien blir presentert som ein granskande dokumentarserie på innsida av ein lukka steinerskole.

Publisert Sist oppdatert

I serien fortel personar som gjekk på Solvikskolan i Järna på 1990-talet om grov mobbing og om store kunnskapshol.

Skolen kallar seg ein Waldorfskole. I Noreg og Danmark kaller skolar insprerte av Rudolf Steiners filosofi seg for Steinerskolar. I andre land kallar dei seg Waldorfskolar.

I programmet fortel lærarane som er intervjua i serien og som arbeidde i Solvikskolan på 90-talet at dei ville skape ein skole der barna ikkje skulle lære å tilpasse seg samfunnet, men til å forandre samfunnet. Og sidan det ikkje var muleg å ta bort skolen frå samfunnet måtte dei lage «ein skole som tar bort skolen».

Skolen hadde ingen læreplan. I staden var det fri leik ute, sang, dans og maling. Bøker hadde elevane berre når det kom inspeksjon frå styresmaktene. Lærarane vedgår ope at dei juksa så godt dei kunne ved slike tilfelle.

Målet var at barna skulle vere frie, og ut over det at dei var modige fysisk, og kunne synge og male fint. Mesteparten av tida var dei ute.

– Men det kan vere kort veg mellom å bli latt i fred og å bli latt i stikken, blir det sagt i serien.

I den frie, ukontrollerte leiken fekk grov mobbing gode vilkår, og ingen vaksne greip inn.

Serieskaparen Jasper Lake var sjølv elev ved skolen. Bakgrunnen for serien var at han oppretta ei Facebook-side for tidlegare elevar. Lake hadde likt seg på skolen, og har klart seg godt etterpå. Men gjennom Facebook-gruppa forsto han at andre hadde heilt andre opplevingar enn han.

Her finn du serien (SVT Player)

Powered by Labrador CMS