– Om kvar tiande lærar i landet vippsar Saers ein hundrings, gjev vi han løftet han fortener, og han unngår bankerott for å få prøvd saka si, skriv Roar Ulvestad. Foto: Jørgen Jelstad
– Om kvar tiande lærar i landet vippsar Saers ein hundrings, gjev vi han løftet han fortener, og han unngår bankerott for å få prøvd saka si, skriv Roar Ulvestad. Foto: Jørgen Jelstad

Som lærar og medmenneske sympatiserar eg hundre prosent med Clemens Saers og det han står i og har stått i

Om kvar tiande lærar vippsar Clemens Saers ein hundrings, unngår han bankerott for å få prøvd saka si.

Publisert

Ut frå dei skildringane vi har sett i media i samband med valdshendinga mot Clemens Saers, er det heilt klart at det er mange som er utrygge på kvar ein står om det er ein sjølv som hamnar i uføre. Eller i verste fall blir ufør etter ei valdshending i arbeidstida.

* Les også: Clemens Saers-saken er en gyllen mulighet for lærerorganisasjonene

Hovudpersonen sjølv hadde dobbel uflaks. Han vart usett for rå vald, og han var i karanteneperiode mellom medlemskap i to ulike fagforeiningar. I sosiale media har det vore eit visst press på storebror Utdanningsforbundet for å engasjere seg i denne saka, medan utgiftene til valdsofferet har tårna seg opp. Eg trur at alle som har sett seg inn i saka, er samde om at det er ei tragedie at ein røynd og god lærar får ein sånn uverdig sorti frå arbeidslivet, der verken fagrørsle eller arbeidsgjevar «bryr seg».

 

Eg tykkjer det er heilt greitt at fagrørsla ikkje bryr seg gjennom sentrale avgjerder om å løyse på juridiske eller økonomiske ressursar. Det skal vere skilnad på å vere organisert og ikkje, uansett kor jævlege einskildhistoriene er. Orsak uttrykket. At lærarorganisasjonane bruker midlane sine på medlemmene sine og ingen andre, er heilt sjølvsagt.

 

Samstundes sympatiserar eg som lærar og medmenneske hundre prosent med Clemens og det han står i og har stått i. Læraren sin rettstryggleik skal vere ein heilt annan enn det som er tilfelle i denne saka. Vi har her eit glimrande høve til å vise at vi som einskilde lærarar på tvers av organisatorisk tilhøyrigheit kan ta vare på ein kollega. Han har over ein million i juridiske utgifter so langt. Ikkje berre har han fått ein varig knekk i helsetilstand, han har og blitt påført ein økonomisk knekk som nok vil merkast resten av livet. Det er i alle høve heilt i strid med rettsoppfatninga mi at han ikkje får prøvd saka si skikkeleg utan å ha denne meirkostnaden.

 

Vi har fått eit høve til å hjelpe Clemens direkte med dette. I staden for at vi overgår kvarandre i å kritisere at fagforeininga ikkje tar tak, kan vi støtte han personleg og direkte. Om kvar tiande lærar i landet vippsar godaste Sars ein hundrings, gjev vi han løftet han fortener, og han unngår bankerott for å få prøvd saka si. Eg har gjort det. Er du med? Er det kanskje betre å rope frå barrikadane om kor lite solidaritet som er i kongeriket? I so fall har du ikkje berre eit betalingsproblem, men eit forklaringsproblem.