I vår naturglade kommune og midt i norges fjelleldorado søkjer Rauma kommune etter ein rektor i 100% fast stilling. Vår nye rektor vil vere administrativ leiar for Måndalen barne- og ungdomsskule. I administrasjonen inngår det og ein avdelingsleiar. Måndalen skule (1-10) har inneverande år 96 elevar. Opplæringsmål i grunnkretsen er nynorsk. Det vert elles vist til kommunen sine heimesider.
Tidleg i 2022 vil Måndalen få eit nytt flott skulebygg, som skal huse barnesteget, SFO og administrasjonen ved skulen. Ungdomssteget får frå skulestart 2021 ta i bruk eit renovert bygg, som ligg på same området. Som ny rektor ved barne- og ungdomsskulen vil du få moglegheit til å vere med og utvikle skulen i heilt nye bygg, med dei moglegheitene dette gjev for pedagogisk utviklingsarbeid.
Fakta som stillingen:
Søknadsfrist: 08.09.2021
Arbeidsgivar: Rauma kommune
Sted: Møre og Romsdal, Rauma kommune, Måndalen Stillingstittel: Rektor
Heltid / Deltid: Heltid
Ansettelsesform: Fast
Rektor sitt arbeids- og ansvarsområde:
Fag-, økonomi- og personalansvar for verksemda
Deltakar og pådrivar i samhandlinga i ulike samarbeidsfora med elevar, foreldre og lokalsamfunn
Inngå i leiarteamet til skulesjefen
Rapporterer til skulesjefen
Vi søkjer ein leiar som:
Har ambisjonar som skuleleiar
Har ei strukturert arbeidsform med krav til god kvalitet og resultat
Er samarbeids- og serviceorientert med tydelig kommunikasjonsform
Har evne til å myndiggjere, inspirere og motivere medarbeiarane i skulen og SFO
Er handlekraftig, løysingsorientert og kreativ
Har høg arbeidskapasitet, halde god oversikt og takle stress i ein travel skulekvardag
Er ein skuleleiar som kan bygge gode relasjonar til både elevar og medarbeidarar, og som evner å skape eit godt skule- og arbeidsmiljø
Har relevant utdanning på høgskole- og eller universitetsnivå
Har rektorutdanning eller anna leiarutdanning på høgskulenivå, eller vere villig til å ta dette innan kort tid
Har relevant leiarerfaring og praksis frå skule
Vi tilbyr:
Nært samarbeid med leiarar for dei øvrige verksemder innanfor tjenesteområdet
Kunnskapsrike og engasjerte medarbeidarar
Lønn etter avtale og god pensjonsordning i SPK
Nærare opplysningar om stillinga kan bli gitt ved å henvende seg til skulesjef Aina Øyen Henden på tlf. 48891938 eller på e-post: aina.henden@rauma.kommune.no
Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
Søknad sendast
Rauma kommune tek berre imot elektroniske søknader. Dette betyr at berre søknader sendt elektroniske vil bli tatt i betraktning. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller, og registrerer din CV med utdanning og kompetanse.
Du kan kontakte lønn-/personal for rettleiing om elektronisk søknad, tlf. 94807867 (tirsdag-torsdag 9-11.30), evt pr. mail lonn@rauma.kommune.no.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkar kan bli offentleggjort sjølv om søkar har bedt om å ikkje bli ført opp på søkarliste, samt at ved tilsetting i stillingar innan barnehage/oppvekst er det krav om politiattest ikkje eldre enn tre månader. Politiattest krevjast berre av søkar som får tilbod om stilling, og den skal derfor ikkje sendast med.
Verdens beste kommune for naturglade mennesker! Visjonen tilhører hele Raumasamfunnet. Den er inkluderende for alle som bor i eller besøker Rauma, og forplikter oss til å ta vare på naturen og være et bærekraftig samfunn. Vi SER hverandre og er Samarbeidsvillige, Ekte og Rause. Vi ønsker oss kollegaer som vil bidra positivt til å nå våre mål og holde kommunens visjon levende. Rauma kommunes vel 750 medarbeidere utfører tilsammen vel 580 årsverk. Vi har varierte og spennende arbeidsoppgaver. Våre dyktige kollegaer arbeider på mange ulike arbeidssteder, har forskjellige yrker og kompetanse, med et felles ansvar for å bidra aktivt til å gi gode tjenester til innbyggerne våre.