Språk i skolen

Den nyutkomne læreboka «Språk i skolen» gir ei innføring i språklege emne for grunnskulelærarstudentar, og den skulle vere like høveleg for både meir og mindre erfarne norsklærarar.

Publisert

Ifylgje forordet har dei fire forfattarane til saman nesten hundre års erfaring med språkundervisning: Ingvil Brügger Budal, som er redaktør for verket, har skrive kapitla om morfologi og om tekststruktur og -samanheng. Rolf Theil skriv om fonetikk, fonologi og semantikk, Bernt Ø. Thorvaldsen tek for seg syntaks og semantikk, mens Ingebjørg Tonne blant anna skriv om didaktiske grep læraren kan ta i grammatikkundervisninga. Budal og Theil skriv nynorsk, mens Thorvaldsen og Tonne held seg til bokmål.

Forfattarane veit mykje og skriv godt, og i tillegg legg dei for dagen ein entusiasme som vonleg smittar over på studentar, lærarar og andre lesarar. Smilet er aldri langt vekke. Eit lite døme: Rolf Theil tek for seg skilnadar mellom tonema i norsk, og illustrerer det med ei bokmålssetning: «Jan kjenner sulten gnager i magen.» Alt etter korleis ein legg trykket, kan «sulten gnager» tyda anten «at svolten gneg» eller «ein svolten gnagar».

Alle kapitla har fleire tilvisingar til relevante delar av rammeplanane (NR1-7 og NR5-10), og som støtte til boka finst nettstaden www.gluspråk.no, som inneheld oppgåver og løysingsforslag.

Powered by Labrador CMS