Publikum på alle kantar

Eldbjørg Lognvik har skrive ei nyttig bok for å utvikle meir effektiv stemmebruk i undervisninga.

Publisert

Anten du sjølv vil veta meir om korleis du kan utvikla ein meir effektiv stemmebruk i undervisninga, eller du treng idear og øvingar til undervisning av elevar i munnleg kommunikasjon, finn du mengder av tips i denne nye «stemmehandboka» av Eldbjørg Lognvik, logoped med fleire års erfaring som stemmepedagog ved Teaterhøgskolen i Oslo.

 

Lognvik har skrive ei grundig og praktisk retta bok om stemma. Frå grunnen beskriv ho kva stemma består av og korleis ho oppstår, frå den augneblinken luftstraumen får stemmebanda til å vibrera til bodskapen når fram til mottakaren.

 

Det er mange faktorar som påverkar kvaliteten på stemma, og mange er det lett å gjere noko med, som kroppshaldning og muskelspenningar. Boka har forslag til øvingar du kan gjera for å sikra god kroppshandling, og øvingar for å slappa av i muskulaturen i til dømes nakke og skuldrar. I boka gir Lognvik råd om korleis profesjonelle stemmebrukarar kan trena stemma og talen til å bli funksjonelle formidlingsverktøy. Eit eige kapittel omhandlar dynamikk, der gjev ho fleire døme på korleis ein kan arbeida med volumvariasjon. Øver ein seg på å snakke med svært lågt volum (pianissimo), kan ein fanga klassens merksemd heilt til bakarste rad utan strev, skriv ho.

 

Variasjon er eit nøkkelord, både når det gjeld volum, tempo og ikkje minst setningsmelodi. Har ein lærar eller ein føredragshaldar svært monoton stemme, kan det vera rett så søvndyssande i lengda, det har mange erfart.

 

Boka inneheld i alt 70 praktiske øvingar, og både øvingane og teoridelane er spekka med forfattaren sine pedagogiske og til dels morosame strekteikningar.

Powered by Labrador CMS