Lesson Study

«Lesson study» er ein japanskinspirert metode for systematisk planlegging og evaluering av undervisninga. Denne boka gir forslag til korleis ein kan innføre og nytte prinsippa i den norske skulen.

Omgrepet «Lesson study» vert på norsk gjerne oversett med «forskingstime». Det japanske omgrepet «kenkyuu jugyou» betyr forskingstime, men viser meir til den prosessen som ligg i denne undervisingspraksisen. Omgrep som i stor grad handlar om det same og er meir innarbeidde i Norge, er aksjonslæring eller innovasjonsarbeid. Sjølve fasane i forskingstime har mykje overlapping med refleksjonssyklus. Så for mange lærarar vil innhaldet i forskingstime vere kjent frå før. 

 

Boka byggjer på japanske utdanningstradisjonar og viser til at japansk undervisning legg vekt på at elevane skal vere aktivt deltakande. Eksempel frå matematikk viser at ein i tysk og amerikansk undervisingstradisjon er meir opptatt av at reglar og prosedyrar vert følgde, medan det i dei japanske eksempla er lagt meir vekt på å få fram elevane si førforståing, engasjement, og at oppgåvene gir utfordring. I Japan kan gjerne lærarar frå andre skular verte invitert inn i klasserommet for å observere og vere med i vurdering av undervisninga. Det vert òg understreka at undervisninga ikkje er den einskilde læraren sitt individuelle ansvar, det er samarbeidsgruppa sitt felles ansvar.

 

Forskingstime er ein undervisingspraksis der ei gruppe lærarar vert samde om kva som skal vere hovudinnhaldet i den undervisninga dei planlegg. Kva er det elevane skal lære i denne timen, og kva vert konsekvensen av lærar sin måte og leggje opp undervisninga. Førebuing er ei stor del av arbeidet. Her stiller lærar spørsmål ved eigne val, og gruppa drøfter saman korleis undervisninga skal gjennomførast. Her kan gjerne lærarar frå fleire trinn samarbeide. Sjølve undervisninga vert gjennomført av ein lærar, medan andre lærarar observerer, og så byter ein på rollene innimellom. Det vert lagt vekt på at forskingstime ikkje er ei lettvint løysing, og at skal endringar vere gode må dei gjennomførast på ein kvalitetsmessig god måte. Forskingstime kan vere tidkrevjande, som alt nytt som skal lærast. I boka blir det vist til at skulen treng ikkje gjennomføre forskingstime-prosessen i alt som skal arbeidast med. Det kan vere nok å starte opp med ein syklus per semester. Det gjev kollegiet ein smak på om dette er ein arbeidsmåte som fungerer for dei. I boka blir det minna om at halvhjarta tiltak kan opplevast som sløsing med tid: eit godt moment å tenke gjennom før ein implementerer forskingstime.

 

Observasjon er ein del av førebuingane, og det vert lagt vekt på at observasjon og undervisning må gjennomførast av to personar. Det vert påpeika at observasjon og tolking er to ulike ting. Sjølv om ein lærar vil observere mykje medan denne underviser,  vil ein grundig observatør som berre skal observere få med seg mykje meir informasjon om kva som skjer i elevgruppa. Kanskje ikkje alle elevar skal ha like mykje fokus under observasjon? Her kan ein velje ut ei gruppe elevar og sjå korleis dei reagerer på undervisninga. Er det noko som fenger meir enn anna, er det elevsamarbeid som verkar fruktbart, eller melder eleven seg tidleg ut? Og i så fall, kva kan fange eleven si merksemd slik at konsentrasjon og læring vert betre?

 

Boka er grundig og konkret i kva som bør drøftast når gruppa planlegg undervisning. Kva er det lærargruppa vil finne ut av? Kva er gapet eller distansen mellom det skulen eller klassen ynskjer å få til og slik det fungerer no? Praktiske eksempel viser kva heile skulen eller einskilde klassar kan oppleve som utfordring. For nokre skular er det den faglege utfordringa, for andre kan det vere sosiale utfordringar der elevane ikkje opplever så god tilhøyrsle til skulen som ynskjeleg. Eksempla er spreke og viser at symjeopplæring eller elevane sitt engasjement i timane kan trenge forbetring, og at forskingstime kan vere ein måte å arbeide med dette på.

 

For travle lærarar er dette ei overkommeleg bok å lese seg gjennom, berre 99 sider. I tillegg gjer det meining å velje seg ut eit kapittel og lese det, alt etter kva ein har nytte av i augeblinken. Det kan òg vere tips og plukke opp, sjølv om ein ikkje går i gang med heile forskingstime-prosedyren.

Powered by Labrador CMS