Boltrelek og lekeslåssing

Nils Eide-Midtsand har skrive ein pedagogisk godbit for gutar i alle aldrar.

Dette er ei bok som ser på den viltre leiken, der borna rullar rundt kvarandre og der det er mykje fysisk kontakt. Det kan både sjå og høyrast svært så ukontrollert ut, og for ein som står utanfor og observerer, kan det verke som det er rett før eitt eller fleire av borna vert skada. Men for dei som er inne i leiken, er det annleis. Dei har ikkje ønske om å skade kvarandre, det er ein gjensidig og stillteiande kontrollfunksjon innebygd i borna og leiken, og det er svært sjeldan at born vert skada under leikeslåssing. Dersom all leik skal inn i vaksenstyrte, harmoniske og organiserte former, lyt boltreleik og leikeslåssing ut, og det er ei form for leik som er styrd av borna sjølv og som gir dei mykje glede. Eide-Midtsand skriv at boltreleik og leikeslåssing nokre stader er sett på som krigsleik og forbode, noko han meiner vert heilt feil. Likevel kommenterer han fleire stader at haldninga til leik i skandinaviske land gir rom for vilter leik i større grad enn andre stader, til dømes i Storbritannia og USA.

Boka ser på denne leikeforma frå ulike vinklar, kva er boltreleik, skilnaden på slåssing og leikeslåssing, boltreleiken sin positive funksjon, kjønnsforskjellar i leik, og vaksne sine haldningar til denne typen leik. Kanskje det siste er det som gjer at boltreleik ikkje er like utbreidd som tidlegare, pedagogar og foreldre er redde for at borna skal skade seg når det vert for viltert. Born er mindre aktive enn tidlegare, noko Helsedirektoratet peikar på i rapporten «Tiltak for økt fysisk aktivitet blant barn og
ungdom»
. Den aukande fokuseringa på resultat gir dårlege vilkår for leik, som ikkje er så lett målbar. Vi vert minna på at leik gir motivasjon og god effekt inn i læring. Derfor bør det ikkje vere snakk om leik eller læring, ein bør heller sjå på korleis dette kan utnyttast samen. Boka er ei god påminning om at læring òg kan skje andre stader enn ved stillesitjande oppgåveløysing.

Forfattaren går inn i tema rørsle og hjerneutvikling, og viser kor naudsynt det er for eit barn å få røre på seg for å utvikle seg godt. Foreldre som tonar seg inn på borna sine behov, og der borna får erfaring med at rørsle kan vere både tilknytande og roande, vert gjennomgått. Far si rolle i det å støtte utvikling av boltreleik og leikeslåssing er tydeleg formulert. I ein kort kommentar viser forfattaren til at mødrer og fedrar har ulike måtar å leike med borna sine på. Litt kjønnsmessig slagside er det gjennomført i denne boka, men det kan kanskje vere på sin plass. Kritiske røyster har hevda at skulen høver best for jenter og deira veremåte. Denne boka er i så måte eit godt bidrag til å sjå gutar og deira behov i både barnehage og skule.

To kapittel er via tiltak og oppskrifter for korleis ein kan leggje til rette for at boltreleiken får gode vilkår. Slik leik stiller krav til det fysiske miljøet. Det må rett og slett vere plass nok til at borna kan røre på seg, og underlaget må vere mjukt nok til at det ikkje er vondt å tumle og ramle både åleine og som ei gruppe.

For lesarar med spesialpedagogisk interesse inneheld boka eit kapittel om dei borna som ikkje får innpass i leikefellesskapet. Dette er dei borna som vert aggressive under leikeslåssinga, eit lite mindretal på 1 prosent som ikkje har sjølvregulering og kontroll til å hindre at «det tek av» i leiken. Eide-Midtsand forklarer med at dette er born som ikkje klarer å slappe av samen med andre born, dei vert fort stressa og er ikkje gode til å lese sosiale signal. Ikkje er dei gode til å sleppe vaksne inn i sfæren sin heller. Det er tydeleg at Eide-Midtsand særleg rettar fokus mot gutar. I eksempla han dreg fram, er det i all hovudsak gutar. Men for lesaren bør ikkje det stenge for at dette kan vere tiltak som kan ha nytteverdi for jenter òg.

Eide-Midtsand gjer eit modig grep ved å trekke leik inn i småskulen. Leik er liksom barnehagen sitt tema, men forfattaren viser at leik kan og bør ha sin plass også i skulen. Boka kan lesast som ei åtvaring mot å la leiken forsvinne til fordel for organisert og vaksenstyrt aktivitet. Vi må ha rom for og tore å la born få vere viltre og fysiske, er meldinga frå Eide-Midtsand. Eg får lyst til å avslutte med å seie at her er ein pedagogisk godbit for gutar i alle aldrar, sjølv om eg då forsterkar den kjønnsmessige skeivfordelinga som er i denne boka.

Powered by Labrador CMS