De sensitive blant oss

Ei nyttig bok om eit viktig tema ligg endeleg føre i norsk språkdrakt.

Særlig sensitiv
av Elaine N. Aron
Cappelen Damm 2013
288 sider
omsett av Nina Kraft

Boka til Aron kom først ut i 1996 i USA («The Highly Sensitive Person») , så det er ikkje heilt nye tankar som kjem fram her. Mange års forsking ligg bak teorien om at menneske kan vere fødde med eit særskilt sensitivt nervesystem, og at dette er ein ressurs for enkeltpersonen sjølv og samfunnet som heilskap. Aron lener seg tungt på mellom andre Jerome Kagan og Mary Rothbart, som begge har gitt gode bidrag inn i temperamentsforskinga.

Boka har eit tydeleg uttalt normalitetsperspektiv på det å vere stille og reservert, og er eit tydeleg motsvar mot ei verd som i aukande grad set likskapsteikn mellom det å rope høgt og det å vere vellukka. Aron vil ha fram alle ressursane som fort kan verte oversett fordi personen sjølv ikkje ropar høgt om alle sine flotte eigenskapar. Her kan eg leggje til at ved siste revisjon av det psykiatriske diagnosesystemet (DSM -V) vart det vurdert om det å vere sjenert skulle takast med som ein psykiatrisk diagnose, noko det heldigvis ikkje vart. Å vere sensitiv er ikkje berre lett «i vår tids ikke altfor sensitive verd» (s 21), eit sitat som viser Aron sin motivasjon for å skrive boka.

Aron er psykolog og forskar, som gir bakgrunn for forfattarverksemda. Det er òg ei svært personleg bok, og Aron skriv at det tok tid for ho forstod at ho sjølv er ein svært sensitiv person, eller Highly Sensitive Person (HSP), ei forkorting som vert nytta gjennom boka og i denne bokmeldinga. Omgrepet sensitiv kan lett verte oppfatta som kjenslevar, men Aron utvidar det til å omfatta også observant og skjønnsam. Ei heller uformell kartlegging gjennom ei telefonutspørjing konkluderte med at 20 prosent rekna seg som svært sensitive, 22 prosent som moderat sensitive. Og så er det 42 prosent som oppgir å ikkje vere sensitive i det heile. Aron påpeikar at det er den sistnemnde gruppa som lagar mest ståk, viser mest att og dermed set ein standard for kva som er rett åtferd. Er det naudsynt å seie kva Aron meiner om det? Tala høver elles med kva som kjem fram i kartleggingar av temperamentstrekk, og ein finn like mange kvinner som menn i gruppa HSP.

Omgrepet overstimulert får òg mykje plass i boka. Det er nøkkelordet for å forstå vanskane ein HSP kan oppleve. Å verte overstimulert er å verte bombardert med inntrykk, og for ein person som vert påverka, inneber det ei overbelastning som fører til at alt går i stå, og det vert umogeleg å tenke klårt og finne gode måtar å handle på. Eit tema som òg kjem att fleire gonger, er behovet for å ha det stille og roleg rundt seg, å få trekkje seg attende til omgivnader med få eller ingen stimuli. Aron nemner det å få trekkje seg attende til eit mørkt og stille rom, der ein kan vere åleine. Her kan HSP få høve til å dempe reaksjonane på bombardementet av stimuli som ein vanleg kvardag inneber. Trekkjer ein dette inn i ein skulekvardag, ser ein at elevar som er HSP har få stader der dei får høve til å hente seg inn att.

Eksempla i boka dekkjer heile aldersperspektivet, frå nokre månader til inn i pensjonsalder. Slik sett kan boka både vere ei fagbok om kva tilrettelegging eit born treng, og ei bok der ein får auka forståing for seg sjølv, mellom anna gjennom fleire kartleggingsskjema. Boka vekslar mellom fagperspektiv og praktiske erfaringar, og er såleis ikkje ei tung fagbok, men heller ikkje særskilt lettlesen. Her krevst noko fagbakgrunn; det er utstrakt bruk av namn og omgrep som høyrer heime i psykologifaget. Det er dessutan ei svært personleg bok, då Aron brukar eg-forma og gir dermed ein intimitet og nærleik inn i teksten. Ho nyttar òg mange eksempel som det går an for lesaren å kjenne seg att i. Samanlikninga av ein HSP-kropp og eit spedbarn var eit eksempel som denne lesaren opplevde som heller platt, men kanskje det gir ein anna lesar ei aha-oppleving.

Det er ei nyttig bok som tek opp eit viktig tema – det å få lov å vere reservert og stille, og fornøgd med å vere slik. Innleiinga viser at HSP med si åtferdsmessige nøling er i ei risikosone for å verte mobba. Menneske med sensitive sinnelag er ressursar, og dei skal ikkje pressast til å leve etter ein utagerande mal. Dei skal heller ikkje plasserast i ein angstkategori, noko som lett skjer no når forståing og beskriving av normal psykisk helse låner så mange omgrep frå psykiatrien. Slik sett er Aron si bok med på å utvide omgrepa vi har i å beskrive ein psykisk helsefaktor med eit positivt og normaliserande språk. Forståing for og innsikt i temaet psykisk helse treng vi alle å verte betre skulert i. 

 

Powered by Labrador CMS