Systematisk håndbok

Informasjonskompetanse.
Håndbok i kildebruk og referanseteknikker
Av Vibeke Bårnes og Mariann Løkse
113 sider
Høgskoleforlaget

"Informasjonskompetanse" er ei handbok i kjeldebruk og referanseteknikkar, i fyrste omgang tiltenkt studentar som skal skrive eksamensoppgåve, essay, artiklar og enda til større avhandlingar. Forfattarane arbeider ved Universitetsbiblioteket i Tromsø med samfunnsfag og humanistiske fag som hovudoppgåve. Raskt oppdagar ein at her er noko for både lærarar, journalistar og forskarar, og at vegen til kunnskap ikkje er enkel, men samstundes pirrande.

Boka er eit rikt oppslagsverk for dei som er usikre på korleis den formelle og tekniske delen av eit fagleg arbeid skal vera. Mellom kunnskap og kompetanse gjeld det både å ha teknologien tilgjengeleg og å ha kritisk sans. I kapittel 5 les vi om plagiering og juks, tankjevekkenade nok. Kven har ikkje synda, vore upresis og slurva?

Systematikken i boka er imponerande. Kjeldereferanser og stikkord er nyttige på farta mot den endelege teksten. Avsnitta opnar med eit sitat. Vi avrundar med Samuel Johnson: "Å bli sitert er det vakreste kompliment en forfatter kan få."

 

 

 

Powered by Labrador CMS