Språkstriden held fram

Noreg bør gjera seg budd på meir strid om språk i åra som kjem, så vel nynorsk som samisk er i hardt vêr.

I oktober 1913 hadde Det Norske Teatret dei fyrste framsyningane sine. Det var «Jeppe på Bjerget» av Ludvig Holberg som vart spela. Stykket var omsett til «norsk» av Arne Garborg. Det vakte slikt raseri i Kristiania at riksmålsungdom og bygdeungdom tok til knyttnevane så vel inne på teateret som utafor. I språkåret 2013 finn forskar Øystein A. Vangsnes difor god grunn til å gje ut ein pamflett, «Språkleg toleranse i Noreg – Norge for faen!» Med boka vil Vangsnes syna for verda at Noreg slett ikkje er det tolerante landet med stor takhøgd for språkleg mangfald.

Det er mange døme på at språklege minoritetar må kjempa for språkleg likeverd og respekt. Nynorskfolk har heile tida måtte kjempa for målføre og dialektar. Vinje og Garborg har vore føredøme, men deira innsats har fått etterfølgjarar. Kjartan Fløgstad har til dømes heist fanen til kamp mot Norsk Journalistlag si likesæle.

Samane har fyrst den siste generasjonen verkeleg gått i strid for retten til eige språk. Deira kamp dreidde seg lenge om retten til land og vatten, men no om kultur, kunst, språk og dikting. Med framveksten av Universitetet i Tromsø der Vangsnes arbeidar, blei flagget for samisk språk heist der.

Skulen er vorte fanga i denne språkstriden. Skal elevane måtte lære seg nynorsk om dei har bokmål som hovudspråk? For å gje døme på haldningar tek forfattaren med Twitter-meldingar frå eldre ungdomar og vaksne («Sidemål er noe dritt, må jo lese en hel bok på nynorsk» … «Klarer ikke å beskrive hvor høyt jeg HATER nynorsk»). Men også politikarar som noverande ministrar Tord Lien (FrP) og Elisabeth Aspaker (Høgre) har mykje å svara for (s. 32, s. 96).

Språkstormen braut verkeleg laus då det i 2010 kom på tale å melda Tromsø inn i forvaltningsområdet for samisk språk. FrP, Høgre og Venstre hadde funne ei felles kampsak for å vinna att fleirtal i kommunestyret ved valet 2011. Frå gammalt av har Tromsø vore ein by med samisk identitet, rett nok ikkje så tydeleg, men med bygginga av universitet og sjukehuset blei dette klårt: dei fekk skilt og orientering både på norsk og samisk. Utan store protestar.

Vangsnes har teke med nokre av blogginnlegga og lesarbreva som strøyma på i debatten. Han kunne kanskje ha brukt litt tid på å intervjue nokre av dei sentrale aktørane. Byråd Jonas Stein (V) snudde etter å ha tenkt seg om saman med ordførar Jens Johan Hjort, og fekk til ein lausare avtale med Sametinget.

Vangsnes har skrive ei underhaldande lita bok som vil gjera seg godt i ungdomsskole og vidaregåande skole. Han snublar i opninga, der han skriv det samiske ordet for Bodø feil (korrekt: Bådåddjo). Han gjer greie for at samisk har hatt framgang med meir forsking og breiare plass i skulen. Difor hadde det gjort seg med ein framtidsanalyse av korleis det vil kunne gå med desse to språka. Men i sum har vi fått eit bok det både kan lesast og debatterast høgt ifrå.

Powered by Labrador CMS