Samisk klassikar endeleg på norsk

I 1910 kom boka «Muitalus sámiid birra» ut på samisk og dansk. Boka er omsett til ni språk, men fyrst no kjem ho i kledeleg norsk omsetjing av Harald O. Lindbach.

Johan Turi:
Min bok om samene
Omsett av Harald O. Lindbach
CálliidLágádus 2011
192 s

Det vakte stor merksemd da Johan Turi (1854-1936) si bok for 101 år sidan kom ut i København. Reindriftssamen og biletkunstnaren frå Kiruna-traktene hadde i 1904 møtt den 20 år yngre forskaren Emilie Demant (gift med Gudmund Hatt i 1911) på eit malmtog. Fire år etter skulle dei i seks-sju veker sitje saman i ei fjellhytte for å sikra at Turi sin gamle draum, å skriva ei bok, kunne bli ein realitet.

Etter mykje slit og innsats av Emilie Demant kom boka ut. Sterkt medverkande til det var disponenten ved LKAB og grunnleggjaren av Kiruna, Hjalmar Lundbohm. Han sytte for finansieringa.

Det er Harald O. Lindbach som har omsett boka til ledig bokmål. Tittelen overraskar; «Min bok om samene» knyter kanskje teksten sterkare til Turi enn det er grunnlag for. Turi skriv ikkje i eg-form, heller meir i pluralis: «Nå har samene begynt å tenke lenger fram om sitt liv.» (s. 92) «De underjordiske er slike folk som budde under jorda og inne i bergvegger, og de er en del av den slekta som våre første foreldre satte under jorda.» (s. 158)

Forlaget CálliidLágádus gav i fjor ut Turi si bok på samisk, og den norske utgåva følgjer same layout og rekkje av Turi sine eigne teikningar og bilete. Desse fortel kvar for seg si historie, og slik kjem boka til å yta Turi sitt mangfaldige talent rettferd. Han laga forresten også eit astrologisk kart til prosjektet.

Mange av teikningane til Turi er pedagogisk saklege og instruktive. Turi var oppteken av det meste ved samelivet, og Lindbach har langt på veg ringa inn språket med eit vellukka lassokast. Grunnlaget for den samiske forteljinga finn vi i joiken, noko denne boka får fint fram. Syntaksskilanden mellom norsk og samisk trer kledeleg fram i måten boka er omsett på.

«Min bok om samene» høyrer heime i ein litterær kanon. Dette vart verkeleg ein vellukka klassikar, og i januar 1911 var det ein kritikar som gav Turi dei beste skussmål i VG og Politiken: Knut Hamsun. Sidan mønsterplan for skuleverket legg vekt på samisk kunnskap, vil eg rå skulane til å kjøpa inn klassesett av boka. Med den knappe stilen og dei korte kapitla om ulike emne kan boka fanga interessa hjå mange skuleelevar. Ei høgst vellukka utgjeving med instruktivt forord av Harald Gaski.

Powered by Labrador CMS