Levande historie

Rosas buss
Av Fabrizio Silei, illustrert av Maurizio Quarello
48 sider
Samlaget

Her får me presentert historia om Rosa Parks, sydama som i 1955 plent nekta å reise seg for ein kvit passasjer på ein buss i byen Montgomery i delstaten Alabama. Ho vart henta av politiet, arrestert og bøtelagd, men har for ettertida fått mykje av æra for og vorte eit symbol på framvoksteren av borgarrettsrørsla i USA.

I boka får guten Ben høyre bestefaren fortelje historia om Rosa medan dei vitjar Henry Ford-museet i Detroit, der Rosas buss står i dag. Som ung mann hadde bestefar vore med på den skilsetjande bussturen, og no gjev han guten (og lesarane) ei levande framstilling av hendinga.

Boka er fylt med fleire fargeillustrasjonar, og ho er omsett frå italiensk av Guri Vesaas.

Powered by Labrador CMS