Grundig innblikk i kva oppvekst er

Boka «Oppvekst og sosialisering» syner tydeleg kva som skal til for å sette born og ungdom i stand til å ta ansvar for sine eigne liv.

Oppvekstmiljø og sosialisering
Av Øyvind Kvello (red.)
Gyldendal Akademisk 2012
256 sider

«Et samfunn avheng av neste generasjons moglegheiter og utvikling» (s. 13) set retning for korleis boka vinklar temaet. Øyvind Kvello har trekt inn fleire forfattarar for å gje eit grundig innblikk i kva oppvekst inneber, frå individnivå til familie, barnehage/skule og samfunn generelt. Boka er grundig og kan ha interesse for ei brei lesargruppe. Særskilt kapittelet om barnehage og foreldre gav god innsikt. I boka vert det òg tatt opp ein tendens til at foreldre no krev individbehandling av barnet, utan å tenke på at barnet i ein sosialiseringsarena også skal vere del av ei gruppe. Dette kunne godt vore grundigare debattert.

Sosialiseringsomgrepet vert grundig gjennomgått. Synet på born har endra seg mykje, frå ein barndom som eit forstadium til vaksenlivet, fram til notidas barndom som har verdi i seg sjølv. Sosialiseringa inneber at born lærer å styre tankar, åtferd og emosjonar som ein del av det å lære å ta ansvar for eige liv. Det meste av sosialiseringa skjer før fylte 25 år, men det er framleis utvikling etter dette. Kvello meiner det er ein livslang prosess, og brukar omgrepet sjølvsosialisering om vaksne si sosialisering. Risiko for at sosialiseringa ikkje er god nok, er til stades for born som veks opp med foreldre som ikkje heilt maktar rolla si, svake nettverk og nærmiljø, og der barnehage/skule ikkje gjev den støtta barnet treng. Kvello viser fallgruver som kan vere til stades i born si oppvekst, og kva born treng for å få ei sosialisering som gjev dei høve til å verte gode aktørar i sitt eige liv. Juridiske sider ved oppveksten vert gjennomgått i eit eige kapittel.

Borns utvikling skjer ikkje i eit vakuum, ho er sett i lys av biologiske tilhøve og som ein sosial konstruksjon. Transaksjonsmodellen har god forklaringsverdi og «dominerer dagens forskingsfront » (s. 64). I denne modellen er både individet og omgivnadene i ein interaksjon med gjensidig påverknad og er i tett utvikling saman. Mennesket er biopsykososialt, ei kompleks samansetjing av biologi, psykologi og miljø som samverkar. Kvello meiner det er umogeleg å redusere mennesket til ein diskusjon om arv eller miljø – her er det meir enn «ja takk, begge delar».

Boka gjev godt innblikk i at mykje har endra seg i borns oppvekst, og ikkje minst kor hurtig alt har skjedd. For knappe 50 år sidan gjekk berre 2 prosent av borna i Noreg i barnehage, no er det rekna som eit sjølvsagt tilbod. Diskusjonen om barnehage handlar no om kvaliteten i barnehagen. Barnehagen er i endring, på veg inn i utdanningssystemet, og skulen har fått tydeleggjort at om hovudoppgåva er opplæring og utdanning, så har han òg ei rolle i det å gje omsorg. Å skaffe kvalifisert personale for å dekke dei oppgåvene barnehage og skule etter kvart har fått, vert framheva som utfordringa framover. Noko grunn til uro for utviklinga er det når 30 prosent av borna seier at dei har dagar då det ikkje er godt å vere i barnehagen. Borna fortel at dei vert erta og plaga så mykje at dei tykkjer det er fælt. Og for born er det ikkje alltid like lett å få vaksne til å ta dei på alvor når dei fortel om slike opplevingar.

Ei anna utfordring som er i ferd med å vekse fram, er at foreldre stiller større krav til institusjonane som tek vare på borna. Foreldre har rett til å krevje at borna får det tilbodet dei er blitt førespegla i planar for barnehage og skule. Her er nok foreldre med og driv fram kvalitet gjennom sine krav. Det som kan verte den største utfordringa, er at foreldra ser sitt barn og set det individuelle framfor det at borna er gjensidig avhengige av kvarandre i eit sosialiseringsperspektiv.

 

Powered by Labrador CMS