Skuffa over null-resultat: Tillitsvald Jon Hove, Astrid Nikolaisen og Monica Langeland, lektorar ved Fyllingsdalen vidaregåande skule i Bergen. Foto: Ingebjørg Jensen

Reaksjonar på tariffoppgjeret: – Mykje skrik og lite ull

Først blei dei overraska over at Utdanningsforbundet gjekk til brot i eit mellomoppgjer. Så blei dei skuffa. I eit oppgjer om desimalar hadde dei tre lektorane på Fyllingsdalen vidaregåande skule i Bergen forventa meir enn null.

Publisert

– Eg blei overraska. I utgangspunktet tenkte eg at det er vanskeleg å vinne fram i eit mellomoppgjer, men eg hadde venta meg meir i tillegg. Kanskje det er ein langsiktig strategi for å signalisere til KS at det blir alvor neste år? Eg trur dei ville, og at dei i alle fall skulle få to tidelar ut – som pruting i ein tyrkisk basar! seier Monica Langeland.

Ho hadde budd seg på streik. I utgangspunktet blei ho overraska over at Utdanningsforbundet braut forhandlingane i eit mellomoppgjer, og rusta seg for streik. Overraska blei også kollega Astrid Nikolaisen, men også letta over at streiken blei avlyst.

– Det er mykje mobilisering, og eg har streika tre- fire gongar på ti-tolv år. Men det betyr ikkje at eg er nøgd med resultatet.

Nikolaisen vil sjå det store bildet: 

– Nokre fisla desimalar opptar meg veldig lite. Det eg er mest oppteken av, er arbeidspresset, og at vi jobbar mykje meir enn vi får betalt for. Eg ønskjer at yrket skal bli verdsett!

"Bra!", var tillitsvald Jon Hove sin første reaksjon då han fekk høyre at streiken var avlyst:

– Det er eit styr å streike. Men så skjøna eg at dei avlyste streiken utan at det kom meir pengar på bordet. Då eg høyrde at dei hadde sett ned eit utval, tenkte eg at det berre blir tåkeprat. No er eg litt meir nyansert. Men kanskje det er eit eventyr å tru at Utdanningsforbundet og KS kan bli samde? Eg håper ikkje det! Dei har svært ulike måtar å lese tal på, seier Hove.

Han synest det er demoraliserande når forbundet går så hardt ut før streiken, og så blir det ikkje meir i potten. Dei har jo brukt mykje tid på å bu oss på streik.

– Kjenner du deg lurt?

– Det er å ta for hardt i, men eg kjenner noko i nærleiken av det. Det blei jo sagt veldig tydeleg på førehand at tilbodet var for dårleg, seier Hove, som også synest det er forvirrande at det er så ulike tal i lufta.

– Er du redd for at det skal gå ut over rekrutteringa?

– Ikkje i dei store byane, men det er klart at det er alvorleg på mindre plassar. Og når regjeringa kjem med krav om mastergrad, så burde det føre til at lektorane får høgare løn, seier Hove.

Powered by Labrador CMS