Annonse

- Vi følgjer med på reaksjonane frå medlemmane våre, og forstår at det blir reaksjonar, seier leiar Eli Gunhild By i Sykepleierforbundet. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Sjukepleiarar er sinte etter brotet

– Ja, det er krevjande, seier leiar i Norsk Sykepleierforbund Eli Gunhild By etter at Unio avviste tilbodet frå KS som ville gitt sjukepleiarane eit historisk godt lønsoppgjer.

Annonse

Utdanningsnytt på Facebook!

 

«Dette er IKKE godt nok NSF! NSF ut av UNIO, vi kan stå opp for oss selv!»*

«Det er jo hindsides idioti å være en del av UNIO som ikke jobber våre turnuser.. makan»

«NSF har virkelig jobbet for dette og man kunne håpet at Utdanningsforbundet kunne latt oss få dette.»

 

Dette er døme på reaksjonar på Facebook-sidene til Norsk Sykepleierforbund og Tidskriftet Sykepleien etter brotet i forhandlingane mellom Unio, der både Sykepleierforbundet og Utdanningsforbundet er medlemmar, og KS.

Tilbodet til sjukepleiarane var så godt at både forhandlingsleiar i KS og forbundsleiar i Sykepleierforbundet kalla det historisk godt. Likevel braut Unio, fordi tilbodet til lærarane med lengst utdanning ikkje er bra nok.

– Kva seier du til medlemmane som nå er redde for at dei går glipp av eit historisk godt lønsoppgjer?

– Eg seier at nå har vi brot, vi skal i mekling, og denne prosessen har vi respekt for. Men vi følgjer med på reaksjonane frå medlemmane våre, og forstår at det blir reaksjonar.

– Kva tyder dette for det vidare samarbeidet i Unio?

– Vi forheld oss til det gode samarbeidet vi har.

– Sykepleierforbundet har landsmøte i november. Kan dette påverke valet av leiing?

– Vi i leiinga blir målt etter resultata vi oppnår. Elles må vi vente og sjå om dette vil påverke årsmøtet.

– Er det ein spesiell situasjon å vere i, når det er brot etter eit historisk godt tilbod?

– Ja, dette er krevjande. Men vi er førebudde og vant til å ra krevjande avgjerder på vegner av medlemmene, seier Eli Gunhild By.

nettsidene til KS seier forhandlingsleiar Tor Arne Gangsø at det er rett at lærarane med lang utdanning kjem ut med eit lågare prosentvis tillegg i tilbodet frå KS. Men også dei får reallønnsvekst. Lektorane har i dei seinare åra dessutan hatt ein høgare lønnsutvikling enn dei høgskolegruppene som nå er prioritert, ifølgje Gangsø.

 

 

Nyhetsbrev




Les mer om nyhetsbrevet her



 
 

Kjøreregler for debatten

Her kan du kommentere artikkelen.

Utdanning setter pris på friske meningsbrytninger, men vis omtanke for dine med- og motdebattanter, hold deg til saken og bruk fullt navn. Dersom du ønsker å skrive et lengre innlegg, er du velkommen til å sende det til denne adressen: debatt@utdanningsnytt.no.

Hvis du ser kommentarer som du oppfatter som støtende, kan du varsle redaksjonen ved å merke den aktuelle kommentaren som upassende. Det gjør du ved å klikke helt til høyre for kommentaren du vil varsle oss om. (Dette fungerer ikke fra mobil. Vi jobber med en løsning).
Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Kommentarer kan bli brukt på alle Utdannings plattformer.

Fullt navn er en forutsetning for å delta i debatten!