Den nye fylkeslagsleiaren i Møre og Romsdal, Gerd Botn Brattli, har lang fartstid i organisasjonen. Ho har vore tillitsvald sidan 1980. Foto: Ståle Johnsen

Ny, men erfaren leiar i Møre og Romsdal

Den nyvalde leiaren av UDF Møre og Romsdal, Gerd Botn Brattli, er sterkt oppteken av arbeidsmiljøet i skular og barnehagar.

Publisert

 

Fylkesårsmøtet til Utdanningsforbundet Møre og Romsdal har vald ny leiar og nestleiar for den komande fireårsperioden. Den nye leiaren er Gerd Botn Brattli (65) frå Volda. Ho har vore tillitsvald i Utdanningsforbundet sidan 1980 og har sete i fylkesstyret sidan 2009. Som nestleiar får ho med seg Håvard Moe (49) frå Giske.

Gerd Botn Brattli var innstilt av valkomiteen. Det kom benkeforslag på to motkandidatar, Hilde Holmeide Aandal og Orlaug Bjørdal Kårstad, som fekk høvesvis 18 og 11 stemmer.

Den nye leiaren sa til Utdanning at ho var både takknemleg og spent med tanke på vervet.

– Kva er den viktigaste sak for deg på fylkesårsmøtet?

– Det er vanskeleg å velja éi enkeltsak, men eg må trekka fram «Trygg på jobben». Blant lærarar i grunnskule og vidaregåande skule er vald og truslar frå elevar eit aukande problem, viser undersøkingar. 35 prosent av lærarane på barneskular svarer at dei har blitt fysisk angripne av elevar, og over 30 prosent av tilsette i barnehagar fortel om trugsmål frå føresette, seier den nyvalde leiaren.

– Me må sjå nærare på utilsikta effektar av den nye «krenkeparagrafen», paragraf 9a-5 i opplæringslova. At elevanes subjektive oppfatning av situasjonar er avgjerande for korleis saker skal handsamast, kan setja læraren sin rettstryggleik i fare.

I vedtaket som vert sendt vidare til Utdanningsforbundets landsmøte 2019, står det mellom anna at «Utdanningsforbundet  må finna ein handlingsretta strategi for å endra paragraf 9a-5 for å sikre rettstryggleiken til den enkelte.»

 

Powered by Labrador CMS