– Vi var villige til å akseptere ei skeivfordeling til beste for sjukepleiarane. Men ikkje at nokon skulle få under frontfaga. Det KS prøver på, det er splitt og hersk-taktikk, seier Unios forhandlingsleiar, Steffen Handal. Her er han saman med forhandlingsleiar i KS, Tor Arne Gangsø. Foto: Jørgen Jelstad

Handal: – Kan ikkje godta at lærarane med lengst utdanning skulle få lågast lønnsauke

– Lærarane med lengst utdanning, altså dei lærarane regjeringa helst vil ha, dei skulle få lågast lønnsauke. Det kan vi ikkje akseptere, seier forhandlingsleiar for Unio Steffen Handal i Unio.

Publisert

Natt til 1. mai vart det brot i forhandlingane mellom KS, arbeidsgivarorganisasjonen for kommunane, og Unio.

Samla sett var tilbodet til den samla kommunesektoren ein lønnsauke på 3,25 prosent. Det er meir enn frontfaga, som hadde i år 3,20 prosent. Frontfaga forhandlar først, og deira resultat skal vere norm for forhandlingane for andre tariffområde.

 

– Splitt og hersk-taktikk frå KS

Lærarane er den største gruppa i Unio i forhandlingane med KS, med sjukepleiarane på andreplass.

Sjukepleiarane, barnehagelærarane og andre med tre eller fire års høgskoleutdanning ville med tilbodet frå KS fått ei ramme på 3,96 prosent. Men dei med lengre utdanning enn fire år ville fått 3.03 prosent.

– Dei skulle altså fått under frontfaga. Legg til at desse har hatt dårleg lønsutvikling heilt sidan 2004. Tal frå Teknisk Beregningsutval viser at årslønna til ein lektor skulle vore 50 000 høgare i dag enn ho er, om lektorane ikkje hadde hatt dårlegare utvikling enn snittet. Denne gruppa ville KS ramme ennå ein gong seier Steffen Handal.

– KS var svært tydelege før forhandlingane på at det er i helsevesenet kommunane har rekrutteringsproblem, og sa lite om skole. Undervurderte forhandlingsutvalet desse signala?

– Tvert i mot. Vi var villige til å akseptere ei skeivfordeling til beste for sjukepleiarane. Men ikkje at nokon skulle få under frontfaga. Det KS prøver på, det er splitt og hersk-taktikk.

– Korleis er det å ha avvist eit tilbod som ville gitt barnehagelærarane eit godt oppgjer?

– Vi hadde fleire mål for dette oppgjeret. Vi skulle ha eit oppgjer godt over frontfaga, og vi skulle prioritere somme grupper. Samstundes har vi eit ansvar for heilskapen. Prioriteringa skulle ikkje føre til at lærarane med lengst utdanning skulle kome under frontfaga. 

 

– Alle må gi og ta

– Sju av 16 medlemmar i forhandlingsutvalet, blant dei Sykepleierforbundet, stemte mot å gå til brot. Kva tyder det for det vidare samarbeidet i Unio?

– Samarbeidet kjem til å gå bra. Sjukepleiarane forstår tilbodet til lærarane er for dårleg, seier Steffen Handal.

Til nettstaden Sykepleien.no seier leiar i Sykepleierforbundet Eli Gunhild By at tilbodet frå KS er eit historisk godt tilbod for sjukepleiarane. I Sykepleiens kommentarfelt på Facebook er det kome kommentarar om at Norsk Sykepleierforbund bør melde seg ut av Unio, og at lærarane har for stor makt.

Eli Gunnhild By kommenterer dette med at i ein organisasjon som Unio må alle gi og ta, slik er dei demokratiske spelereglane.

 

Powered by Labrador CMS