Annonse

Matilda Ernkrans (til venstre) er ny minister for høyere utdanning og forsking, medan Anna Ekström tek over som utdanningsminister i Sverige. Foto: Socialdemokraterna/Utbildningsdepartementet

Sverige: Sosialdemokratane tek over heile utdanningsdepartementet

Sosialdemokraten Anna Ekström vert ny utdanningsminister i Sverige. Ho får selskap i departementet av partifellen Matilda Ernkrans.

Annonse

  

Utdanningsnytt på Facebook!

Måndag formiddag presenterte statsminister Stefan Löfven (S) si nye regjering i Riksdagen i Stockholm. Før helga hadde dei to sentrumspartia Liberalarna og Centerpartiet gitt tilslutnad til at Socialdemokraterna og Miljöpartiet får halde fram i regjering, 131 dagar etter riksdagsvalet.

Anna Ekström frå Socialdemokratarna har fram til no vore gymnas- og kunnskapslyftminister. Ho tek over som utdanningsminister etter  Gustav Fridolin, den eine av talspersonane til Miljöpartiet - De gröna. Den andre statsråden i departementet blir Matilda Ernkrans, som får jobben som minister for høgare utdanning og forsking. Matilda Ernkrans er òg sosialdemokrat, og ho har til no vore leiar for utdanningskomiteen i Riksdagen. Dermed har sosialdemokratane styring over heile ansvarsområdet til Utdanningsdepartementet.

 

Kunnskap og karakterar

Då statsminister Stefan Löfven la fram regjeringserklæringa for Riksdagen, varsla han at regjeringa vil arbeide vidare med eit framlegg om å gjennomføre 10 års grunnskule i Sverige. I erklæringa står det òg at skular som ønskjer det, kan innføre karakterar allereie frå 4. klasse. I dag begynner elevene med karakterer på 6. trinn. Regjeringa skal leggje fram ein nasjonal plan for studiero og tryggleik. Dessutan vil ho ha eit nasjonalt forbod mot mobiltelefonar i skulen, og det skal bli lettare å omplassere elevar som mobbar medelevar til andre skular.

Stefan Löfven la vekt på at skulen skal verte den fremste stoltheita til det svenske samfunnet.

– Alle elevar må få ein ærleg sjanse, uavhengig av bakgrunn eller kvar dei bur, sa han.

Han varsla mellom anna ei styrking av arbeidet med å gje skulane eit likeverdig tilbod, tilsetting av fleire skuleassistentar og meir vektlegging av kunnskap i skulen. Regjeringa vil dessutan reformere lærarutdanninga, mellom anna ved å skjerpe inntakskrava.

Löfven varsla dessutan etableringsstopp for privatskular med religiøs innretning.

 

Vanskeleg regjeringsfloke

I motsetnad til i Noreg må regjeringar i Sverige få fleirtal i ei avrøysting i nasjonalforsamlinga før ho kan utnemnast, og etter val til Riksdagen er ei slik avrøysting obligatorisk. Ved valet 9. september vart Sverigedemokraterna tredje største parti og hamna på vippen mellom dei tradisjonelle blokkene i svensk politikk. Sidan ingen av dei andre partia ville samarbeide med Sverigedemokratane på grunn av partiet sin innvandringspolitikk, har fleire forsøk på ulike regjeringssamarbeid stranda på grunn av manglande fleirtal i Riksdagen.

Først då dei borgarlege partia Liberalarna og Centerpartiet støtta den noverande koalisjonen mellom Socialdemokraterna og Miljöpartiet, og Vänsterpartiet valde å røyste blankt, vart det ei løysing på regjeringsfloka. Fleire kommentatorar peikar på at dei to borgarlege partia har fått gjennomslag på ei rekkje område, mellom anna i utdanningspolitikken.

 

 

_____________________

 

Hei!

Kommentering av artikler er ikke tillatt mellom midnatt og 06:00.
Velkommen tilbake!

 

_________________________