Annonse

Å gi blod er ikkje gyldig fråvær. Elevar som gir blod kan likevel gå i dialog med skoleleiinga eller læraren. Foto: Paal Svendsen

Skoleelevar har ikkje rett å få gyldig skolefråvær for å vere blodgivarar

Ei jente i vidaregåande skole skreiv til Barneombodet, av di ho har meldt seg som blodgivar, og fått innkalling til blodbanken på dagtid.

Annonse

Utdanningsnytt på Facebook!

Men vidaregåande-elevar som har meir enn ti prosent udokumentert fråvær i eit fag, vil som hovudregel ikkje få karakter i faget.

 

Samfunnsteneste

«Kan dette regnes som gyldig fravær dersom jeg tar med dokumentasjon på det», spør jenta.

– Nei, svarar barneombodet.

Ombodet oppfordrar likevel jenta til å gå i dialog med skoleleiinga eller læraren for å få fri.

– Men da er det i så fall kun «goodwill», og ikke noe de må gjøre, skriv barneombodet.

– Hadde eg vore rektor, hadde eg gitt fri, seier leiar for blodbanken ved St. Olavs Hospital i Trondheim,

Kjell Rune Logan -Halvorsrud til Utdanning.

– Å gi blod er ei viktig samfunnsteneste, understrekar han.

 

Mogeleg å gi på kvelden

Personar som skal gi blod må vere over atten år. Dei som melder seg før det kan bli kalla inn til samtale og registrering, men det er først på attenårsdagen at dei kan skrive under på at dei vil vere blodgivar.

Logan-Halvorsrud har ikkje tidlegare høyrt om problemstillinga med at elevar i vidaregåande skole ikkje får fri for å gi blod.

– Er det vanskeleg for folk i arbeidslivet å få fri for å gi blod?

– Det dominerande inntrykket er at arbeidsgivarar gir arbeidstakarane fri utan problem. Men eg kan ikkje seie at det ikke kan vere vanskeleg for noen, seier Kjell Rune Logan-Halvorsrud.

Ved St. Olav Hospital tar blodbanken imot blodgivarar ein kveld i månaden. Andre blodbankar har liknande ordningar.

 

_____________________

 

Hei!

Kommentering av artikler er ikke tillatt mellom midnatt og 06:00.
Velkommen tilbake!

 

_________________________