Ifølgje Utdanningsdirektoratet har ikkje kommunen plikt til å auke tilskotet til dei private barnehagane før kostnadane ved ny bemanning er synleg i den kommunale rekneskapen. Ill.foto: Paal Svendsen

Private barnehagar får ikkje kompensert for auka utgifter

I år får private barnehagar auka kostnadar som følgje av krav om auka bemanning i 2019. Men dei får ikkje rett til auke i det offentlege tilskotet før i 2021.

Publisert

Dette kjem fram av eit brev frå Utdanningsdirektoratet til Fylkesmannen i Hordaland.

Fleire kommunar, både i Hordaland og andre stader, har vendt seg til sin fylkesmann med spørsmål om kravet til auka grunnbemanning i barnehagane, og korleis dette påverkar tilskotet til dei private barnehagane. Kravet gjeld frå 1. august 2019.

Fylkesmannen i Hordaland har tatt saka opp med Utdanningsdirektoratet. I svaret viser direktoratet til reglane, som seier at det er barnehagekostnadane til dei kommunale barnehagane som bestemmer tilskotet til dei private barnehagane i kommunen.

Men her er det eit etterslep. Aukar kommunen grunnbemanninga i 2019, blir det fanga opp i kommunerekneskapen for 2019. Og det er rekneskapen frå 2019 som blir brukt til å rekne ut tilskota til dei private barnehagane i 2021.

Ifølgje Utdanningsdirektoratet har ikkje kommunen plikt til å auke tilskotet til dei private barnehagane før kostnadane ved ny bemanning er synleg i den kommunale rekneskapen.

Har kommunen auka bemanninga i dei kommunale barnehagane alt i 2018, får dei private auka sine tilskot i 2020.

Den nye bemanningsnorma for barnehagane vart innført i august 2018, men med frist til å gjennomføre fram til august i år. Norma gjeld for både kommunale og private barnehagar.

 

Powered by Labrador CMS