Foto: Google

Tysk privatskole nektar å ta opp barn av høgreradikal

Ein Waldorfskole i Berlin, som svarar til norsk Steinerskole, har nekta opptak av barnet til ein politikar frå partiet Alternativ for Tyskland (AfD).

AfD blir oppfatta som høgrepopulistisk med høgreradikale og innvandrarfientlege innslag. Ved valet i 2017 vart det det tredje største partiet i Tyskland.

Barnet til AfD-politikaren hadde gått i Waldorf-barnehage. Men etter lange diskusjonar kom lærarane og foreldra til at dei ikkje ville ta opp barnet i Waldorfskolen, ifølgje Zeit Online .

Dette har dei rett til. Private skolar kan ikkje nekte barna tilgang ut frå etnisk bakgrunn eller rase. Men privatskolane har sjølvstendig ansvar for mål for opplæringa. Dei kan rette mål og metode etter det verdsbilde dei sjølv formulerer.

Bystyret i Berlin er difor kome fram til at dette også gir dei rett til å velje elevar, så sant dei ikkje vel etter rase og etnisk bakgrunn.

 

Powered by Labrador CMS