Elevane synest det er kleint å skulle dusje saman og ber om skiljevegger. Ill.foto: Csaba J. Szabo, Free Images

Ingen på heile ungdomstrinnet dusjar etter gymmen

Ungdomsskuleelevane på Viksdalen skule ber om å få skiljevegger i dusjen – ingen av dem dusjar etter gymmen.

Publisert

Elevane synest det er kleint å skulle dusje saman i eit lite rom, skriv Firda.no. No ber dei om skiljevegger i dusjen.

– Det er eit veldig lite rom og dusjane står ved sida av kvarandre. Då blir det litt kleint utan skiljevegg, seier fem gutar som utgjer elevrådet for ungdomstrinnet på Viksdalen skule.

– Eg synest ikkje ein skal presse folk til ting dei ikkje har lyst til, seier Martin Ness (14), som går i niande.

Kevin Rene Aarberg er gymlærar på skulen, og han støttar ønsket om skiljevegger.

– I den alderen går ein gjennom ganske store endringar, så det blir meir kleint å dusje og skifte framfor elevane enn på småskulen, seier han.

Rektor Jorunn Hope seier det ikkje er tvang.

– Ingen har lov til å krevje at nokon skal dusje. Det har vi ikkje heimel til å krevje, men vi kan sterkt oppmode om at dei gjer det, seier ho.

 

Powered by Labrador CMS