Annonse

Siv Jensen i Stortinget i dag. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Statsbudsjettet: Siv Jensen vil satse på yrkesfag

Sterkare innsats for yrkesfag var den tydelegaste satsinga innanfor utdanningsfeltet da finansminister Siv Jensen heldt sin tale da ho i dag la fram forslag til statsbudsjett for Stortinget.

Annonse

Utdanningsnytt på Facebook!

Meir satsing på yrkesfagleg fordjuping, etter- og vidareutdanning for yrkesfaglærarar og modulbasert utdanning i faga bygg og anlegg og i helsefag var stikkord finansministeren gav for dette. Ho trekte og fram meir pengar til ulike tiltak for å gi støtte og «los» til dei som er i ferd med å falle ut av vidaregåande opplæring. Ho nemnde òg å styrke skolehelsetenesta.

Generelt for skolesatsinga understreka finansministeren at ambisjonen er at elevane skal lære meir.

Jensen lova og meir til tidleg innsats. Det mest konkrete ho sa om dette var at toåringane skulle bli omfatta av ordninga med gratis kjernetid i barnehagen for barn frå familiar med dårleg økonomi.

Finansministeren sa at regjeringa aukar tilskota til kommunane med 2,6 milliardar. Desse skal gå til tiltak i skole, vegbygging og for rusavhengige.

Samstundes presenterte Siv Jensen tiltak som vil redusere inntektene til kommunane. Det dei kan krevje i eigedomsskatt vil bli redusert, og eigendelen som kommunane må betale for dei som er sterkt pleietrengjande, vil auke.

_____________________

 

Hei!

Kommentering av artikler er ikke tillatt mellom midnatt og 06:00.
Velkommen tilbake!

 

_________________________