Annonse

Finansminister Siv Jensen på vei fra Finansdepartementet til Stortinget for å legge frem neste års statsbudsjett. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Statsbudsjettet: Meldinger fra regjeringen

I forbindelse med framleggelsen av regjeringens forslag til statsbudsjett sender departementene ut pressemeldinger. Denne artikkelen inneholder de viktigste meldingene fra regjeringen som omhandler utdanningssektoren.

Annonse

Utdanningsnytt på Facebook!

Meldinger fra Kunnskapsdepartementet

Flere og bedre lærere

Regjeringen foreslår å styrke ordningen med lærerspesialister med om lag 50 millioner kroner, til totalt 122 millioner kroner. Det betyr at antall lærerspesialister øker fra om lag 600 til 1200 lærere.

Regjeringen fortsetter også satsingen på videreutdanning for lærere, og foreslår 1,6 milliarder til dette. Målet er at alle lærere som underviser i matematikk, norsk og engelsk skal ha nok fordypning i fagene innen 2025.

Regjeringen fortsetter satsingen på økt lærertetthet i grunnskolen (lærernormen), og vil bevilge om lag 1,5 milliarder kroner som skal øremerkes til økt lærertetthet. I tillegg foreslår regjeringen å styrke kommunenes inntekter med 200 millioner kroner begrunnet i tidlig innsats, som kan brukes på flere lærere.  

 

Gratis kjernetid for 2-åringene

Regjeringen foreslår å bevilge om lag 46 millioner kroner slik at gratis kjernetid kan utvides til å gjelde 2-åringer fra lavinntektsfamilier. I tillegg foreslås 9 millioner kroner til arbeid med å rekruttere barn til barnehagen i utsatte byområder.

 

Fleire studieplassar i barnehagelærerutdanninga

Regjeringa foreslår også 10 millionar kroner til fleire studieplassar i barnehagelærarutdanninga.

  

Oppgradering av areal ved universitet og høgskolar

Regjeringa vil at areal ved høgskolar og universitet skal bli betre tilpassa endra behov i undervisning og forsking. Difor foreslår ho å auke løyvingane med 86 millionar til 161 millionar kroner i 2019.

 

 

Regjeringa vil ha folkehøgskole på Svalbard

Regjeringa foreslår å løyve 7,1 millionar kroner til å starte opp ein folkehøgskole på Svalbard hausten 2019.

Skolen er planlagd med 125 elevplassar og 25 tilsette og vil nytte Svalbards særskilt rike natur, og tilby linjer innan blant anna friluftsliv, klima, miljø, forsking, foto og kunst. Miljø og bærekraft vil ligge til grunn for drifta og alle linjene på skolen.

Etableringa av skolen aukar truleg andelen fastbuande nordmenn på Svalbard med 8 prosentpoeng, frå 65 til 73 prosent.

 

130 millionar til kompetansereforma «Lære heile livet»

Regjeringa startar arbeidet med kompetansereforma «Lære heile livet» med ei satsing i budsjettforslaget på om lag 130 millionar kroner. Dette skal mellom anna gå til utvikling av fleksible vidareutdanningstilbod i digital kompetanse, bransjeprogram for særleg utsette bransjar og utviding av forsøka med modulbasert opplæring for vaksne.

Satsinga er ei styrking frå 10 millionar kroner som kom i revidert nasjonalbudsjett tidlegare i år.

 

36,3 millionar til  modulbasert opplæring i heile landet

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner vil også bruke 36,3 millionar kroner for at fleire skal få delta i forsøk med modular på grunnskolenivå, inkludert norsk og samfunnskunnskap, og i fag- og yrkesopplæring.

Det foregår allereie forsøk med modulbasert opplæring i fem fylkeskommunar, og dette vil regjeringa no utvide.

 

Vil trappe opp innsatsen for forskning og høyere utdanning med 1,5 milliarder 

I den reviderte langtidsplanen for forskning og høyere utdanning varsles det at regjeringen vil bruke 1,5 milliarder kroner på tre nye opptrappingsplaner over de fire neste årene.

Pengene skal brukes på et teknologiløft, forskning og utvikling knyttet til fornyelse og omstilling i næringslivet og kvalitet i høyere utdanning. I statsbudsjettet for 2019 følges dette opp med 481 millioner kroner.

De tre opptrappingsplanene er:

  • 800 millioner kroner til et teknologiløft.
  • 450 millioner kroner til forskning og utvikling for fornyelse og omstilling i næringslivet.
  • 250 millioner kroner til kvalitet i høyere utdanning.

  

65 millionar kronar til forsking på mogleggjerande og industrielle teknologiar 

Departementet foreslår å auka løyvinga til forsking på mogleggjerande og industrielle teknologiar med 65 millionar kroner i 2019-budsjettet.

Midlane skal mellom anna gå til å styrke grunnleggande forsking innanfor informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT), nanoteknologi, bioteknologi og avanserte produksjonsprosessar.

  

25 millionar til prosjekt og ordningar som får studentar til å lære meir og betre

For å gjere høgare utdanning enda betre, vil regjeringa styrke løyvingane til Nasjonal arena for kvalitet i høgare utdanning med 25 millionar kroner i budsjettet til Kunnskapsdepartementet.

Arenaen ligg under Diku - Direktoratet for  internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning, og skal lyse ut prosjektmidlar som gir fagfolk rom til å forbetre, utvikle og spreie kunnskap om blant anna nye læringsformer og nye digitale verktøy.

Dette skal bidra til at studentane lærer meir og betre.

 

17,5 millionar til betre informasjonssikkerheit

For å løyse dei utfordringane universitets- og høgskolesektoren står overfor, mellom anna ved å førebygge, oppdage og handtere truslar i forskingsnettet, vil regjeringa løyve 17,5 millionar kroner til å etablere eit program for informasjonssikkerheit.

Midlane blir tildelte gjennom UNIT - Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking.

 

Fleire lærarar med doktorgrad

Regjeringa foreslår å løyve 8 millionar kronar til fleire doktorgradar i offentleg sektor og privat næringsliv, og med særleg vekt på å få fleire lærarar i skolen til å ta doktorgrad.

Av desse midlane skal det opprettast 10 nye stipendiatstillingar for lærarar. I tillegg foreslår departementet å nytte 5 millionar kroner til tiltak for å få fleire lærarar til å ta doktorgrad.

 

Fleire innvandrarar i utdanning og jobb 

I budsjettet prioriterer regjeringa tiltak som er viktige for integrering. Til saman spissar ho innsatsen med opp mot 420 millionar kroner.

For mange innvandrarar står utanfor arbeidslivet. Dette gjeld særleg kvinner med fluktbakgrunn, der under halvparten er i arbeid. Budsjettet for 2019 skal gi fleire utdanning og kvalifisering, slik at dei kan kome i jobb og bli sjølvforsørgde.

 

 

Lærarar i vaksenopplæring for innvandrarar

Når det kjem til språkopplæring, er variasjonen for stor. I nokre kommunar kan du ha budd i Noreg i fleire år utan å kunne norsk. Regjeringa ønskjer derfor å fornye og forbetre opplæringa, og vil sette av 16 millionar kroner til vidareutdanning av lærarar i vaksenopplæring for innvandrarar.

Regjeringa vil mellom anna greie ut korleis det kan stillast krav om deltaking på norskkurs for  sosialstønadsmottakarar som ikkje kan norsk. 

 

 

Kombinasjonsklassar

Regjeringa foreslår å styrkje den delen av Jobbsjansen som er retta mot grunnskoleopplæring av innvandrarungdom med 35 millionar kroner. 

Tilskotet skal mellom anna gå til kombinasjonsklassar, der ungdom med «kunnskapshol» får grunnskoleopplæring samstundes med at dei går på ein vidaregåande skole.

 

Framleis auke i studiestøtte og satsing på studentbustader

Regjeringa vil gi studentar lån og stipend ei ekstra veke, slik at dei totalt får 10 månader og tre veker med støtte. Det er eit ledd i målet om 11 månaders studiestøtte.

Ein heiltidsstudent vil dermed få utbetalt 8100 kroner meir våren 2019 enn kva studenten fekk våren 2016.

Samstundes held satsinga på studentbustader fram med tilskot til 2200 nye hybeleiningar i 2019.

Regjeringa foreslår også å sette av 15 millionar kroner til studiestøtte for å gjere det enklare for vaksne å ta utdanning.

 

 

 

 

Kjøreregler for debatten

Her kan du kommentere artikkelen.

Utdanning setter pris på friske meningsbrytninger, men vis omtanke for dine med- og motdebattanter, hold deg til saken og bruk fullt navn. Dersom du ønsker å skrive et lengre innlegg, er du velkommen til å sende det til denne adressen: debatt@utdanningsnytt.no.

Hvis du ser kommentarer som du oppfatter som støtende, kan du varsle redaksjonen ved å merke den aktuelle kommentaren som upassende. Det gjør du ved å klikke helt til høyre for kommentaren du vil varsle oss om. (Dette fungerer ikke fra mobil. Vi jobber med en løsning).
Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Kommentarer kan bli brukt på alle Utdannings plattformer.

Fullt navn er en forutsetning for å delta i debatten!