Annonse

Etter påtrykk frå fleire lokalavdelingar vedtok Lärarförbundets sin kongress å presisere at den redaksjonelle fridomen òg gjeld omtale av forbundet sjølv. Bildet er frå votering i ei anna sak. Foto Lärarförbundet

Lärarförbundets blad kan framleis granske organisasjonen

Kongressen til den største lærarorganisasjonen i Sverige, Lärarförbundet, slo fredag fast at journalistane i medlemsblada framleis kan skrive kritisk journalistikk om organisasjonen.

Annonse

Utdanningsnytt på Facebook!

I desember i fjor vedtok sentralstyret i Lärarförbundet eit nytt redaksjonelt program for medlemsblada forbundet gir ut. Der sto det mellom anna at det ikkje lenger er ei oppgåve for redaksjonane å granske Lärarförbundets organisasjon.

– Granskinga av Lärarförbundet har vi nesten 600 revisorar til. Dei har tillit frå medlemmane til å granske både kva vi bruker pengar på og at måla våre vert oppfylte, sa forbundsleiar Johanna Jaara Åstrand til medlemsbladet Lärarnas Tidning si nettutgåve 14. desember.

Ho understreka at føremålet var at pengane vert nytta slik det er best mogleg for medlemmane, ikkje å detaljstyre dei journalistiske vurderingane.

Eit anna omstridd punkt i det redaksjonelle programmet er at redaksjonell planlegging skal skje i samarbeid med Lärarförbundets kommunikasjonsavdeling. Likevel vert det understreka at det er sjefredaktøren som har det avgjerande ordet om kva dei redaksjonelle blada og nettutgåvene publiserer.

 

Lokale protestar

Fleire av lokalavdelingane til Lärarförbundet, mellom andre Göteborg, hadde sendt inn framlegg til kongressen i Stockholm 23.–26. oktober der dei kritiserte det dei såg på som innskrenking av den redaksjonelle fridomen til blada. Og på den siste dagen vedtok kongressen eit protokolltillegg der det vert slått fast at «journalistane framleis er frie til å granske forbundet dersom sjefredaktøren vurderer at det er nyheitsmessig motivert».

– Kongressen sender med dette eit viktig signal om ikkje å røre ved den redaksjonelle fridomen, sjølv om det er synd at kongressen ikkje kravde at formuleringa «skal granske» vart innført på nytt, seier Niklas Arevik, reporter i Lärarnas Tidning og tillitsvald for journalistane.

Kongressen slo samstundes fast at jamfør vedtektene har forbundsstyret rett til å fastsetje eit nytt redaksjonelt program. Formuleringa om planlegging saman med kommunikasjonsavdelinga er dermed framleis gjeldande.

– Men eg ser ikkje at det kan bli styrande for blada, ettersom det er sjefredaktøren som skal avgjere innhaldet. Vi må nok sitje i nokre møte saman, men eg trur ikkje det vil ha så mykje å seie i praksis, seier Niklas Arevik til Utdanning.

Leiinga i Lärarförbundet har fått tilbod om å kommentere saka.

 

Les også: Sjef for svenske skoleblader går av i protest

 

Kjøreregler for debatten

Her kan du kommentere artikkelen.

Utdanning setter pris på friske meningsbrytninger, men vis omtanke for dine med- og motdebattanter, hold deg til saken og bruk fullt navn. Dersom du ønsker å skrive et lengre innlegg, er du velkommen til å sende det til denne adressen: debatt@utdanningsnytt.no.

Hvis du ser kommentarer som du oppfatter som støtende, kan du varsle redaksjonen ved å merke den aktuelle kommentaren som upassende. Det gjør du ved å klikke helt til høyre for kommentaren du vil varsle oss om. (Dette fungerer ikke fra mobil. Vi jobber med en løsning).
Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Kommentarer kan bli brukt på alle Utdannings plattformer.

Fullt navn er en forutsetning for å delta i debatten!