Annonse

– Skulle fråtrekket vore regulert opp på rimeleg vis, måtte det vore dobla, seier Unio-leiar Ragnhild Lied.

Fagforeiningsfrådraget er svekka for femte år på rad

– Skattefråtrekket for fagforeiningskontingent har vore på 3850 kroner sidan 2013. Det har ikkje auka i takt med prisstiginga, seier Trond Gram, avdelingsnestleiar i LO.

Annonse

Utdanningsnytt på Facebook!

At regjeringa i framlegget til statsbudsjett ikkje foreslår å auke fråtrekket, er ei svekking av ordninga, ifølgje LO. 

– Skulle fråtrekket vore regulert opp på rimeleg vis, måtte det vore dobla, seier Unio-leiar Ragnhild Lied.

– Eit organisert arbeidsliv er alfa og omega og ein svært viktig verdi for samfunnet. Vi i organisasjonane har eit stort ansvar for å få fleire til å organisere seg, understrekar Lied.

– Stortingsfleirtalet har gitt regjeringa eit klart oppdrag om å kome med konkrete virkemiddel som kan støtte dette arbeidet. Med nå har regjeringa svikta, seier Ragnhild Lied.

 

Kritikken får støtte hos opposisjonspolitikarane på Stortinget. 

– Ambisjonen om at fleire skal vere organiserte, blir ikkje følgt opp med dette framlegget, seier Rigmor Aaserud frå Arbeidarpartiet til Utdanningsnytt.no.

– Arbeidslivet treng at folk er organisert. Det trur eg arbeidsgivarsida og arbeidstakarane er einige om. Difor er det rart at eit verkemiddel som partane er samde om, ikkje blir styrka i budsjettet, seier ho. 

Fagforeiningsfrådraget er eit verkemiddel for å få opp organisasjonsgraden, understrekar Rigmor Aaserud

 

Dårleg nytt

– Dette er dårleg nytt for det organiserte arbeidslivet, som er føresetnaden for heile velferdsstaten, seier leiar i Raudt, Bjørnar Moxnes.

– At mange er organiserte, er vårt viktigaste forsvar mot sosial dumping og for seriøse arbeidstilhøve. Difor er det ille at det i realiteten blir dyrare å vere fagorganisert, seier han. 

– Men regjeringa prioriterer kutt i selskapsskatten og kutt i formuesskatten på aksjar på den eine sida og gir realkutt i fagforeiningsfrådraget på den andre, avsluttar Moxnes. 

– Dette er feil veg å gå for å sikre det organiserte og seriøse arbeidslivet, seier LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen i ei pressemelding.

 

Ønskjer å behalde frådraget

– Regjeringa vel å ikkje kutte i frådraget for fagforeiningskontingenten. Fleire parti snakkar om at det blir kutta i tiltak for fattige og at dei rike får skattelette, men vi har altså vald å behalde frådraget slik det er. Det skal vi vere godt nøgde med, seier Abid Raja frå regjeringspartiet Venstre til Utdanningsnytt. 

– Er ikkje dette de facto ein reduksjon?

– Å ikkje kutte i frådraget er eit sterkt signal om a vi ønskjer å halde på frådraget, seier Raja. 

Regjeringa vart 30. januar i år forplikta til å kome med forslag om tiltak som kan betre organisasjonsgraden blant norske arbeidstakarar. Dette skjedde da Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Raudt, Kristeleg Folkeparti, Miljøpartiet dei grøne og Sosialistisk Venstreparti fekk fleirtal for dette ved avrøysting under handsaminga i Stortinget av regjeringserklæringa. 

_____________________

 

Hei!

Kommentering av artikler er ikke tillatt mellom midnatt og 06:00.
Velkommen tilbake!

 

_________________________