Annonse

Universitetet i Oslo. Det juridiske fakultet i Karl Johans gate i Oslo sentrum, med Midtbygningen til venstre og Domus Academica ('Urbygningen») til høyre. Foto: © Svein Nordrum / NTB scanpix

Vanskeleg å finne informasjon om doktorgrad for lærarar

Jannecke Fjeldtvedt vart nysgjerrig da statsbudsjettet for 2019 hadde sett av 8 millionar til doktorgradsstipend for lærarar. Men leiting etter meir informasjon har ikkje ført fram.

Annonse

Jannecke Fjeldtvedt er master i spesialpedagogikk og leiar PPT-kontoret i Stord kommune i Hordaland.

– Eg er ikkje viss på at eg har kraft og ork til å starte og gjennomføre eit doktorgradsprosjekt, understrekar ho overfor Utdanningsnytt.

-Men eg synest at det er svært spennande at det praksisnære kan bli forsking. Så eg begynte å leite etter meir informasjon om korleis eg skulle gå fram dersom eg kjem til at eg vil prøve med. Men eg fann ingenting, fortel ho.

 

Dilemma i spesialpedagogikken

– Kva for skolefagleg tema meiner du vi treng meir praksisnær forsking om?

– For ein god del elevar blir resultatet av at dei får rett til spesialpedagogikk at dei går eit dårlegare læringsutbytte enn om dei ikkje hadde hatt spesialpedagogikk. Slike dilemma har utviklinga ført oss inn i

– Vi skal ha ein inkluderande skole og barnehage. Men når vi prøver å finne tiltak for barn som treng noko ekstra blir dei redde og seier at «eg vil ikkje ut av klassen». Dei som treng noko ekstra, dei støyter vi ut. Det er på tide at vi ser på spesifikke lærevanskar som ein del av den normale elevvariasjonen. Det same gjeld for fleirspråklege elevar. Vi skal vere ein inkluderande skole og barnehage. Det tyder at vi er i same båt, alle, uansett, seier Jannecke Fjeldtvedt.

– Så flott alt prosjektet engasjerer skolefolk alt før det formelt er vedtatt, seier forskingsminister Iselin Nybø, og siktar til at ordninga er eit framlegg i statsbudsjettet, og at budsjettet ennå ikkje er på plass. Det er liten grunn til å tru at det blir strid om dette punktet.

– Dette er eit samarbeid mellom tre partar, stipendiaten, Forskingsrådet og skoleeigar. Eg er framleis svært spent på interessa hos skoleeigarane, seier ho.

 

Doktorgrad i offentleg sektor

Formelt sett tyder dette å utvide ordninga som heiter «offentleg sektor Phd» med ti plassar reservert for lærarar i skolen. Offentlege verksemder kan søkje om støtte frå Forskingsrådet for at ein tilsett kan gjennomføre ein doktorgrad. Doktorgraden skal vere relevant for ansvarsområdet til verksemda. Forskingsrådet betalar halvparten av utgiftene, arbeidsgivar resten. Ordninga med offentleg Phd starta i 2014. Sidan da er det tildelt rundt 20 doktorgradsstipend i året.

– Lærarar kan alt søkje på denne ordninga. Av dei som starta opp med offentleg sektor Phd i 2018 var nesten halvparten retta inn mot skole og barnehage. Kvifor skal lærarar vere prioritert ved utvidinga?

– Sidan skole er ein så stor del av det offentleg sektor driv med, er det ikkje rart om det er mange av stipendiatane som studerer skolen. Likevel kjenner eg for eksempel til at i ein stor kommune er det ingen lærarar blant dei fem stipendiatane til offentleg Phd.

Dette gir skoleeigar ein sjanse til å få opplyst konkrete problemstillingar i skolekvardagen. Vi får forskinga ut i praksisfeltet. Det gir ein heil annan nærleik til problema. For lærarane er det eit høve til ein ny karriereveg.

– Er ikkje nettopp avstand ein viktig kvalitet ved forsking?

– Det kan vere det. Men nærleik kan og vere ein kvalitet, seier Iselin Nybø.

 

Dette er «Offentleg sektor Phd»

Forskingsrådet vil lyse ut desse doktorgradsstipenda i januar 2019, får Utdanningsnytt opplyst frå Forskingsrådet.

Offentlege verksemder kan søkje «Offentlig sektor ph.d.-ordninga» om støtte frå Forskingsrådet for at ein tilsett kan gjennomføre ein doktorgrad. Doktorgraden skal vere relevant for ansvarsområdet til verksemda.

Stipenda går over tre eller fire år. Forskingsrådet betalar halvparten av utgiftene for desse åra, maksimalt 1,7 millionar kroner. Desse pengane får Rådet frå Kunnskapsdepartementet. Arbeidsgivar til stipendiaten betalar den andre halvparten av utgiftene.

For å tilfredsstille kravet til dei ti ekstra stipenda må forskingsrådet nå definere kva som er ein lærar. Men om den konklusjonen skulle ende med å ikkje oppfatte til dømes ppt-tilsette, kan dei likevel søkje om offentleg Phd-stipend frå den generelle kvoten

Ordninga med offentleg Phd starta i 2014. Sidan da er det tildelt rundt 20 doktorgradsstipend i året.

 

Kjøreregler for debatten

Her kan du kommentere artikkelen.

Utdanning setter pris på friske meningsbrytninger, men vis omtanke for dine med- og motdebattanter, hold deg til saken og bruk fullt navn. Dersom du ønsker å skrive et lengre innlegg, er du velkommen til å sende det til denne adressen: debatt@utdanningsnytt.no.

Hvis du ser kommentarer som du oppfatter som støtende, kan du varsle redaksjonen ved å merke den aktuelle kommentaren som upassende. Det gjør du ved å klikke helt til høyre for kommentaren du vil varsle oss om. (Dette fungerer ikke fra mobil. Vi jobber med en løsning).
Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Kommentarer kan bli brukt på alle Utdannings plattformer.

Fullt navn er en forutsetning for å delta i debatten!