Illustrasjonsfoto: Silje Katrine Robinson

Arbeidsrettssak om barnehagelærarar blir avgjort i morgon

Utdanningsforbundet og KS er usamde om kven som er pedagogisk leiar. Arbeidsretten sin dom i saka er venta fredag.

Publisert

Saka gjeld retten til å avgjere om ein barnehagelærar er ein pedagogisk leiar eller ikkje. Utdanningsforbundet meiner at pedagogen som leier ein barnehageavdeling, er ein pedagogisk leiar, og organisasjonen viser mellom anna til Barnehagelova. Men KS meiner at arbeidsgivar kan definere sine eigne kriterium for kva dei meiner er ein pedagogisk leiar.

På grunn av denne usemja er det barnehagelærarar som Utdanningsforbundet meiner er pedagogiske leiarar, men som ikkje får status og løn som dette av arbeidsgivar.

Ifølgje ei undersøking frå Utdanningsforbundet i 2017 var det vanlegaste at lønnstillegget for å vere pedagogisk leiar låg på 23 000 kroner.

I statistikken frå Teknisk berekningsutval er det om lag tre gonger så mange pedagogiske leiarar som barnehagelærarar.

 

Powered by Labrador CMS