Statsråd Jan Tore Sanner og utvalgsleder Ragnhild Lied. – I høgare utdanning kan du jo ta så mange bachelorgradar og mastergradar du berre ønskjer, heilt gratis. Det vil nok mange meine at ikkje er rettferdig, seier Lied. Foto: Marianne Ruud

Lied-utvalet vil vurdere om elevar som har fullført vidaregåande, skal få gratis omstart

Unge som har fullført studieforberedande eller fagbrev, kan ikkje krevje ny gratis fagutdanning om dei treng det. Samtidig kan ein ta så mange bachelorgradar ein vil – gratis, seier Ragnhild Lied.

Publisert

Behovet for nye fagarbeidarar er stort. Men unge eller vaksne som allereie har fullført studieforberedande eller tatt fag- eller sveinebrev, har ikkje krav på å få ei heilt ny fagutdanning gratis i offentleg skule. Kanskje bør dei likevel få det? Det vil Lied-utvalet gjere ei vurdering av.

– Vi høyrer ofte at dei som er unge i dag ikkje kan rekne med å ha same jobb heile livet. Men for dei som treng eit nytt fagbrev for å behalde jobben, eller for å få seg ein ny, så er forholda ikkje særleg godt tilrettelagde i dag, seier Lied.

Ho er opptatt av dei som allereie har brukt opp retten sin til vidaregåande opplæring. Nokre presses over i private utdanningstilbod. Andre kjem ikkje inn igjen i utdanning eller arbeid.

– I utvalet har vi diskutert om det bør vere mogleg med ein omstart utan å måtte melde seg opp som privatist. For i høgare utdanning kan du jo ta så mange bachelorgradar og mastergradar du berre ønskjer, heilt gratis. Det vil nok mange meine at ikkje er rettferdig, seier Ragnhild Lied til Utdanning.

I dag overleverte ho Lied-utvalets delinnstilling til kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) på Elvebakken videregående skole i Oslo.

 

Skal foreslå modellar både med og utan ekstra kostnadar

Lied er også opptatt av elevar som har fått «ikkje bestått» i eit par fag fyrste året i vidaregåande opplæring. Utan bestått i alle fag kjem elevane seg ikkje vidare.

– Denne elevgruppa kan bli ståande varig utanfor arbeidsmarknaden. Jo tidlegare ungdommen droppar ut, desto vanskelegare er det å kome i arbeid eller utdanning seinare, seier Lied.

– Utvalet kjem ikkje med forslag til tiltak i denne delinnstillinga. Kjem alle forslaga til tiltak i hovudinnstillinga, og skal utvalet gjere kostnadsberekningar av tiltaka?

– Alle forslaga til tiltak kjem i hovudinnstillinga. Her skal vi leggje fram ulike modellar. Ein modell skal halde seg innanfor dagens kostnadsramme. Eventuelle nye tiltak skal vi kostnadsrekne.

– Dei to tiltaka du nemnde, moglegheit for gratis omstart i vidaregåande og det å ta opp fag ein ikkje har bestått, vil ha ein pris. Kva tenkjer du om det?

– Eg tenkjer at det må vere vesentleg å sjå kva samfunnet kan spare av kostnadar på sikt, seier Lied.

 

Jan Tore Sanner ser utfordringane Lied peiker på

På spørsmål frå Utdanning om kva han meiner bør gjerast for unge som allereie har fullført studieforberedande, men som ønskjer å ta eit fagbrev, seier Sanner:

– Vi veit at vi får eit stort behov for fleire fagarbeidarar dei næraste åra. Kva som skal til for å klare å rekruttere nok fagarbeidarar, og i kva grad det blir behov for at unge tar ei ny fagutdanning, det blir ei viktig oppgåve å sjå nærare på for Lied-utvalet, seier Sanner til Utdanning.

Kva tiltak regjeringa kjem til å gå inn for på feltet vil han ikkje seie noko om no. Han legg samtidig til at statistikk viser at nokre fleire ungdommar har bestått vidaregåande dei siste åra.

– Lied er også opptatt av korleis elevar som manglar bestått i eit fag eller to kan kome seg vidare til Vg2 utan å vere privatistar. Kva tenkjer du om at mange i denne elevgruppa fell frå?

– Eg er samd med Lied i at utvalet bør sjå på tiltak som gjer at elevar som stryk i eit eller to fag, har moglegheiter til å fullføre, seier Sanner på veg ut frå biblioteket på Elvebakken videregående skole.

 

Har sett på utviklinga sidan Reform 94

– Sjølv om vidaregåande opplæring har ei historie heilt tilbake til mellomalderen, har vi i Liedutvalet i hovudsak konsentrert oss om tida etter innføringa av Reform 94, sa Ragnhild Lied.

Reform 94 hadde som mål at elevane skulle få ei kompetanse som var godkjend i arbeidslivet eller i høgare utdanning. Med Reform 94 kom også lovfesta rett til vidaregåande opplæring.

– Så langt ser det ut til at alle er i samd i at elevar skal ha lovfesta rett til vidaregåande. Men kva retten inneber for kvar enkelt elev, det skal vi gå nærare inn på, sa Lied.

Ho understreka at teknologiutviklinga var ein av årsakene til behovet for endringar i vidaregåande opplæring på 1990-talet. I dag er det digitaliseringa som krev endringar. Elevgrunnlaget har også endra seg med meir mangfald i befolkninga, understreka Lied i si innleiing.

 

Dystre utsikter for dei med lågast formell kompetanse

Utvalet ser fleire utfordringar på arbeidsmarknaden med auka krav til omstilling.

– Det er flott at så mange begynner rett i vidaregåande opplæring etter grunnskulen. Men det er samtidig dystre utsikter for dei med lågast formell kompetanse. Og dei med lågast karaktersnitt har store vanskar med å gjennomføre vidaregåande, sa utvalsleiaren.

Vidaregåande opplæring har ei utfordring i å kvalifisere også dei med minst motivasjon og lågast karaktersnitt frå ungdomsskulen, påpeika Lied.

– Dei som er unge i dag, kan ikkje rekne med å stå i same jobb livet ut. I tillegg er det mange vaksne innvandrarar som manglar kvalifisering. Difor treng vi ei fleksibel opplæring for vaksne som møter deira behov, sa ho.

 

Etterlyser meir data og forsking

Lied peika i si innleiing på at kunnskapsgrunnlaget er meir mangelfullt i vidaregåande opplæring enn det er i grunnskulen. Forskinga og statistikk er retta mot gjennomføring, og i mindre grad mot kva som skjer i opplæringa, mot struktur og innhald.

– Spesielt er det lite data og forsking om vaksne i vidaregåande opplæring, sa Lied.

Utvalet set derfor pris på innspela frå alle aktørane dei har møtt i arbeidet med delinnstillinga.

 

 

Powered by Labrador CMS