Fleire yrkesfagelevar får læreplass

1. september i år har 10.400 yrkesfagelevar fått læreplass. Det er vel 2600 fleire enn for fire år sidan, syner tal frå Kunnskapsdepartementet.

Publisert

– Dette er gode nyhende. Etter fleire år med satsing på å skaffe fleire læreplassar, er vi glade for at utviklinga no går rett veg og at fleire elevar får høve til å fullføre opplæringa si i ein bedrift. Arbeidslivet treng fleire fagarbeidarar i framtida, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) i ei pressemelding.

Den positive utviklinga kjem fram i førebelse tal frå Utdanningsdirektoratet i dag.

Ifølgje tal frå Utdanningsdirektoratet i mars søkte 19.966 yrkesfagelevar om læreplass i år, og dermed har 52,1 prosent av desse fått læreplass. I 2013 fekk 35,7 prosent av søkjarane plass.

Powered by Labrador CMS