Dronning Sonjas skulepris 2017 til Firda vidaregåande skule

Arbeidet med likeverd og inkludering og det å leve opp til sitt eige slagord «Meir enn ein skule» har vore avgjerande.

– Firda vidaregåande skule skil seg ut med ei gjennomtenkt tilnærming til inkludering og relasjonsbygging gjennom sitt langvarige arbeid for å sjå heilskapen rundt elevane, seier juryleiar og direktør ved Norsk senter for menneskerettar Inga Bostad, ifølgje fylkesmannen.no.

Prisen skal overrekkjast av dronninga sjølv under eit arrangement på skulen 28. november. Prisen er på 250.000 kroner, eit diplom og eit kunstverk utforma av dronning Sonja.

Juryen har merka seg slagordet «Meir enn ein skule», og meiner at Firda vidaregåande skule ser kvardagen til elevane i ein større samanheng, og arbeider for dialog som grunnleggjande verdi i alt arbeid.

I grunngjevinga for prisen framhevar juryen «Gloppen-modellen». Firda vidaregåande skule har utvikla eit utdanningstilbod i helsefag for vaksne, minoritetsspråklege, saman med Nav og Gloppen kommune.

– Det er flott at juryen har lagt merke til alt det gode arbeidet som blir gjort ved Firda vidaregåande skule. Dette er ein pris til både elevar og tilsette. Eg håpar prisen vil inspirere og motivere alle elevar og dei som arbeider med vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane, seier Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring ifølgje nettstaden.

Powered by Labrador CMS