Foto: Thomas Picard

Alle norske skoleelevar kan få tilbod om gratis sjakkundervisning

Norsk Sjakkforbund inviterer i dag alle femteklassingar i Trøndelag til å spele sjakk gjennom prosjektet «Sjakk5ern».

Publisert

Opplegget i Trøndelag er meint som starten på eit prosjekt som skal omfatte heile landet. Det er laga etter inspirasjon av eit svensk prosjekt, der mellom 20.000 og 30.000 barn deltek, får Utdanningsnytt.no opplyst frå Norsk Sjakkforbund. Forbundet har som mål å gjere prosjektet landsomfattande.

I invitasjonsbrevet som i dag går ut til alle skolane i Trøndelag, får femtetrinnet gjennom prosjektet «Sjakk5ern» tilbod om ein time sjakkundervisning i klassen frå ein lokal sjakkinstruktør, og dei vil få tilbod om brett og brikker, alt gratis.

Vidare vil det bli arrangert lagturneringar i sjakk, der klassane stiller som lag. Det betyr at dei klassane der ein stor del av elevane stiller, vil ha fordelar. Det heile blir avslutta med ei sjakkturnering i Trondheim 14. april.

 

1000 sjakklærarar

Vidare vil Norsk Sjakkforbund avslutte ei stor sjakkturnering for skoleelevar med ein finale i Oslo i mai 2018. Her vil Magnus Carlsen kanskje vere til stades.

Dette er ein del av prosjektet «Skolesjakken», som Norsk Sjakkforbund har drive sidan 2015. Som ein del av prosjektet har forbundet utdanna 1000 sjakklærarar i norsk skole. Dette prosjektet rettar seg mot elevar på alle trinn i grunnskolen. Sjakklærarane er tilsette i skolen som har fått ein dag med opplæring frå Norsk Sjakkforbund. Dei aller fleste av sjakklærarane er lærarar, men andre skoletilsette, som SFO-medarbeidarar, er og blitt sjakklærarar.

Alle skolar kan få utdanna opp til tre sjakklærarar gratis av Norsk Sjakkforbund.

 

Powered by Labrador CMS