FUG skal leie nordisk foreldrenettverk

FUG-leiar Gunn Iren Müller er vald til leiar for det nordiske nettverket for foreldre med barn i skulen.

FUG-leiaren tok over leiarvervet då det nordiske nettverket, kalla Nordisk Komité (NoKo), var samla til ein konferanse i Solna, Stockholm, 16.–17. september. Ho skal leie nettverket dei neste to åra.

– Elevflokken i Norden er meir heterogen enn tidligare. Det gjeld ikkje minst flyktningebarna og dei nyankomne, men og dei barna som har behov for ekstra hjelp og støtte i skulen. I ei klasse kan det og finnast elevar som treng anerkjenning for sitt store læringspotensiale, seier Gunn Iren Müller i ei pressemelding. Ho peikar på at både skulen og foreldra må sjå og støtte disse gruppene.

Val av slagord for NoKo under norsk leiing er ”mangfold og integrering” og dette vil og være temaet på den nordiske foreldrekonferansen i Noreg i 2018.

– Det blir to spanande år! Eg ser verdien av at vi i Norden samarbeider for å lære av  kvarandre  og utveksle erfaringar og idear, seier ho.

Müller har leia Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) sidan januar i år, og er oppnemnd av Kongen i statsråd for perioden 2016–2019. FUG består av ni foreldre med røynsle frå verv i skulen frå heile landet. Både foreldre og skulemyndigheitene tek imot råd, rettleiing og innspel frå FUG.

Powered by Labrador CMS