Oslo-byråd for oppvekst og kunnskap Tone Tellevik Dahl (Ap). Arkivfoto: Kari Oliv Vedvik

Byråd vil stoppe barnehageprofitørar med lovendring

– Barnehagelova må endrast, slår Oslo-byråd for oppvekst og kunnskap Tone Tellevik Dahl (Ap), fast.

Publisert

Utdanning har spurt om ho tar utfordringa frå leiar i Raudt, Bjørnar Moxnes, om at venstresida skal gå til val for å endre barnehagelova.

– Barnehagelova vi har i dag er frå den tida da det å auke talet på barnehageplassar hadde høgste prioritet. Det er ingen tvil om at lova er ekstremt gunstig for dei barnehagedrivarane som ikkje vil gå over minstekravet for bemanning. Lova må tydeleggjerast slik at alle barnehagedriftarar må sikre at alle pengane går til barnehagedrift, seier ho til Utdanning.  

– Kva er taktikken for å sikre avtalen mellom Raudt, slik at Oslo har eit raud-grønt byrådet i Oslo fram til stortingsval og ei eventuell lovendring?

– Vi har ingen taktikk. Men vi stiller tydelege krav til nye etablerarar av barnehage om at bemanning, løn og pensjon skal vere som i dei kommunale barnehagane. Dessutan har vi utvida krav om økonomisk tilsyn. Med det vil vi halde dei barnehagedrivarane som er interessert i utbytte borte frå Oslo, seier Tone Tellevik Dahl.

Powered by Labrador CMS