Magne Aasbrenn er lektor ved Frederik II videregående skole og har ei lang forhistorie som forkjempar for østfolddialekten. Foto:

Lektor frå Østfold er innstilt som ny leiar for Noregs Mållag

Magne Aasbrenn (60) er frå Fredrikstad og er i dag lektor ved Frederik II videregående skole. Han blir den fyrste leiaren i Noregs Mållag frå Østfold.

- Det er viktig at kommunereforma ikkje skal gå utover nynorsken. Og vi må halde fram arbeidet med å sikre nynorsken i randsonene våre. Fram mot stortingsvalet i 2017 må vi arbeide politisk for at sidemålsordninga skal liggje fast, seier Magne Aasbrenn i ei pressemelding.

- Eg kjem frå Østfold og frå min ståstad er det eit mål at det skal bli heilt vanleg og normalt for folk på Austlandet å skrive nynorsk, at ikkje dei skal bli utsette for press om å tilpasse seg til bokmål. Det gjeld både innfødde og nytilflytta, seier Magne Aasbrenn.

Magne Aasbrenn har ei lang forhistorie som forkjempar for østfolddialekten.

- At eg no er blitt beden om å bli leiar i Noregs Mållag, ser eg som ein god skulderklapp for at østfolddialekten er ein naturleg medlem i dialektfamilien i Noregs Mållag, seier Aasbrenn. 

Han var aktiv medspelar då Fredrikstad Blad gav ut ei heil avis berre på fredrikstaddialekt i høve Språkåret 2013.

- Seinare same året, på bursdagen til Ivar Aasen 5. august, kom Bergens Tidende med ei avis skriven berre på nynorsk. Det syner at østfoldingane også kan vere med å gje hjelp til nynorsken i Bergen og på Vestlandet, seier Magne Aasbrenn.

Magne Aasbrenn byrja å skrive nynorsk i 1991 og har vore leiar i Østfold Mållag sidan 2002. Han debuterte med romanen Banna ben på fredrikstaddialekt på Aschehoug i 1978. I 1990 gav han ut Hjelpebok i nynorsk for østfoldingar. 

Framlegg frå valnemnda til ny nestleiar er Jens Kihl (29) frå Oslo og politisk journalist i Klassekampen. Har tidlegare hatt fleire sentrale verv i målrørsla som leiar i Norsk Målungdom og nestleiar i Noregs Mållag.

Framlegget til nytt styre ser slik ut: Inger Vederhus (62) oppvaksen i Flora og bur i Bærum, førstelektor i norsk ved grunnskulelærarutdanninga, Høgskolen i Oslo og Akershus. Inger Johanne Sæterbakk (34) oppvaksen i Orkanger og bur i Oslo, kommunikasjonsrådgjevar hjå Norges Bondelag, Peder Lofnes Hauge (27) oppvaksen på Sandane i Gloppen og bur i Bergen, politisk rådgjevar for sosialbyråd for Venstre i Bergen. Ingrid Fiskaa (38) oppvaksen og bur på Bryne, lektor ved Sandnes vgs.

Varafolk: 1. vara: Haakon Aase (66), Meland, 2. vara: Randi Lohndal Frestad (68), Lista, 3. vara: Birgitta Lim Ersland (26), Oslo og 4. vara Øyvind Fenne (64), Fræna.

 

Landsmøtet i Noregs Mållag er fredag 15. april til sundag 17. april 2016 på Hotell Terminus i Bergen.

Powered by Labrador CMS