Lied om landsmøtet: – Spissformulerte, men alltid saksorienterte

Under avslutninga av Utdanningsforbundets sitt landsmøte, var det avtroppande leiar Ragnhild Lied som fekk det siste ordet frå talarstolen.

Publisert

– Ikkje på noko tidligare landsmøte har eg opplevd eit sterkare engasjement blant alle medlemsgruppene enn her på Lillestrøm, sa ho.

Ho framheva også takhøgda i Utdanningsforbundet:

– Her har det vore skarpe debattar. Men sjølv om innlegga frå tid til anna har vore spissformulerte, har dei alltid vore saksorienterte, sa ho.

Med eit smil la ho til:

– Nokre av framlegga har til og med vore så godt formulerte at sentralstyret har slutta seg til dei.

Lied peika tilbake til krisa kring uravstemminga om tariffoppgjeret for halvtanna år sidan, og understreka at ho var imponert over samhaldet dette landsmøtet var prega av.

– At alle i leiinga vart valde samrøystes, er eit best mogleg utgangspunkt, avslutta ho.

Powered by Labrador CMS