Foreldre meiner Oslo kommune snikinnfører karakterar

Barneskolebarna i Oslo, også dei minste, får melding om dei «meistrar» eller er «undervegs» i faga norsk, engelsk, naturfag og matematikk. Foreldre kallar dette snikinnføring av karakterar.

– Barna oppfattar dette som karakterar, og foreldra oppfattar det som karakterar. Da er det irrelevant kva utdanningsetaten i Oslo kallar det, seier Katinka Brodin til avisa Klassekampen. 
Ho er ein av initiativtakarane til aksjonsgruppa «Foreldreopprør i Oslo-skolen». På Facebook har gruppa 2000 føljarar. 
– All vurdering av barn skal hjelpe dei til å lære meir. «Meistrar» og «undervegs» er berre oppsummering av kva dei kan og ikkje kan, som «bestått» og «ikkje bestått». Det fremjar ikkje læring, seier Brodin til avisa.
– Elevane har rett til undervegsvurdering. Dei skjema vi nyttar, er eit hjelpemiddel for å skildre utvikling og ståstad for elevane, svarar direktør for Utdanningsetaten i Oslo. 
Ho avviser at Oslo kommune med dette bryt lova, som seier at elevar på barnetrinnet ikkje skal ha karakterar.
Professor i pedagogikk, Gunn Imsen, støttar derimot protesten frå foreldra. 
– Slik snikinnføring av karakterar skjer fleire stader, ikkje berre i Oslo, seier ho.
Klassekampen skriv at Oslo kommune både i 2008 og 2013 søkte om å få bruke karakterar på barnetrinnet. Båe gongane fekk dei avslag frå sentrale styresmakter. 
Powered by Labrador CMS