Nyttar skjelettet av gamlerektoren i naturfagtimane

Sidan 1965 har elevane ved ein skule i Romania nytta skjelettet av gamlerektoren i biologiundervisninga.

Om det er nokon pedagog som verkeleg fortener heidersorda «Han gav mykje av seg sjølv i undervisninga», må det vere Alexandru Grigore Popescu.

I 50 år var Popescu lærar og etter kvart også rektor ved barneskulen i landsbyen Puchenii Mosneni i Romania. Hans store ønske var å få eit ekte skjelett til bruk i biologiundervisninga. I levande live fekk han ikkje dette ønsket oppfylt.

Difor skreiv han i testamentet sitt at etter at han var død, skulle beingrinda hans verte reinsa og sett saman, slik at ho kunne nyttast i undervisninga. Etter at han døydde i 1965 har skuleborna i landsbyen lært grunnleggjande anatomi takka vere skjelettet etter rektoren.

For ei tid sidan vart skjelettet konfiskert av representantar frå styresmaktene, som først og fremst var uroa over at det kunne utgjere ein hygienerisiko. Men konklusjonen var at skjelettet er ufarleg, og dei jordiske leivningane til Popescu er no attende i klasserommet.

Elevar som den britiske nettavisa Mail Online har møtt, tykkjer skjelettet gjer det lettare å lære, og dei er glade for å få det attende. Ein av lærarane ved skulen, Sorin Stanciu, er heilt samd i dette.

– Det at vi har vårt eige skjelett er ein av årsakene til at mange av elevane våre tek vidare utdanning i naturfag, og særleg i medisin, seier han til avisa.

 

 

Powered by Labrador CMS