Ønskjer meir nynorsk i barnehagen

Mållaget ber barnehagar i nynorskkommunar å velja nynorske songar og barnebøker.

- Det er ikkje alltid samsvar mellom språkpolitikken i barnehage og skulen i same kommune påpeikar skulemålskrivar Ingar Arnøy i Noregs Mållag og leiar i Suldal Mållag Wenche Haugen Havrevoll i Stavanger Aftenblad.

I gamle dagar var det skulespråket som la premissane for barns språkutvikling. Slik er det ikkje lenger, mellom anna fordi språkbruken på fritida får stadig større påverking. Mållaget ber difor ordførarane i nynorsk-kommunar vere med og sikre at ungar møter nynorsk, blant anna i barnehagen.

- Di fleire som kan nynorsk, di mindre vil skepsisen bli mot målforma, hevdar Arnøy, og viser til at eit samrøystes Storting har gjort vedtak om at alle i Norge skal ha moglegheiter til å bli tospråklege.

- Den beste måten å bli to-språkleg, er å ha nynorsken i botn, for bokmålet får me inn gratis. Dei som veks opp med nesten berre bokmål, blir i bestefall halvannan-språklege, seier Ingar Arnøy.

Powered by Labrador CMS