Språkrådet vil ha språk-kommisjon

Årsmøtet i Norsk språkråd ber Kultur- og kyrkjedepartementet setje ned ein brei språk-kommisjon for å sjå på alle sider ved språkutviklinga i Noreg, ikkje berre norsk språk.

Ein språk-kommisjon bør ikkje berre ta for seg dei to norske språkformene - bokmål og nynorsk, men òg sjå på forholda for samisk og andre minoritetsspråk i landet, meiner årsmøtet. Språkråd-årsmøtet ønskjer dessutan at alle språk som blir snakka og skrivne i Noreg skal omhandlast av ein slik kommisjon, slik at vi kan få vite meir om situasjonen for dei framandspråklege.
- Noreg bør ha ein nasjonal språkpolitikk. Det bør vere like sjølvsagt som at vi til dømes har ein utdanningspolitikk og ein forsvarspolitikk, sa Ola Haugen, avtroppande leiar i Norsk språkråd og skolebokdirektør i Cappelen. Det er no meir enn 30 år sidan sist det var ein grundig gjennomgang av vilkåra for norsk språk, med den såkalla Vogt-komiteen som førte til at Norsk språkråd vart oppretta.

Powered by Labrador CMS