Skattelette på 500 til 600 kroner

Bondevik-regjeringa vil gi skattelette for ei vanleg førskolelærarløn på mellom 500 og 600 kroner meir i året enn Stoltenberg-regjeringa la opp til i sitt skatteframlegg

Dei som har løn på 477 500 vil få 4000 kroner, eller 0,8 prosent skattelette i forhold til kva Stoltenberg-regjeringa gjorde framlegg om. For dei lønsnivåa der førskolelærarlønene ligg blir skatteletta mindre. Ei løn på 214 900 vil få 500 kroner i skattelette. For ei løn på 245 300 blir skatteletta 500 kroner. For båe utgjer det 0,2 prosent.

Avgiftsreduksjon

Reduksjonen i offentlege avgifter samanlikna med Stoltenberg-regjeringa sitt framlegg vil for ein gjennomsnittsfamilie utgjere 1700 kroner året, sa finansminister Per-Kristian Foss da han presenterte budsjettet på pressekonferanse fredag 9. november.

Men letta i avgifter er framfor alt knytt til avvikling av skatt på utbyte og flypassasjeravgift, lågare bustadskatt og lågare alkoholavgift, særleg på brennevin. For folk som ikkje har aksjar å heve utbyte frå, ikkje har fin bustad, ikkje reiser mye med fly og ikkje drikk mye alkohol vil innsparingane vere svært små.

Alt i alt vil Bondevik-regjeringa ta inn 3,4 milliardar mindre i skattar og avgifter enn det Stoltenberg-regjeringa la opp til.

Bryt lovnad til studentane

Regjeringa vil ikkje auke stipenddelen av studiefinansieringa.

I regjeringserklæringa lova regjeringa at stipenddelen av kostnadsnorma for studentane skulle auke frå tretti til førti prosent. Det er det ikkje tatt omsyn til i budsjettframlegget. Rett nok er kostnadsnorma for kva studentane kan få i offentleg støtte auka til 80 000 kroner året. Men det er lånedelen som er auka, ikkje stipenddelen.

Fagforeiningskontingent

Regjeringa vil at frådraget for fagforeiningskontingent i skatten framleis skal vere på maksimalt 900 kroner.

Stoltenberg-regjeringa ville doble frådraget til 1800 kroner.

-- Vi vil ikkje prioritere dei som er med i ei fagforeining. I staden aukar vi minstefrådraget med 1000 kroner for alle, sa Per-Kristian Foss.

Bondevik-regjeringa endrar ikkje noe i det barnehagebudsjettet som Arbeidarpartiregjeringa la fram.

Powered by Labrador CMS